Onsdag 3. februar får bøndene utbetaling av produksjonstilskot i jordbruket. På landsbasis får bøndene til saman 5,2 milliardar kroner. Av desse går 531 millionar til Roglandsbøndene.
03.02.2016
Hadle Nevøy har takka for seg etter mange år som landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Rogaland. Inntil ein ny landbruksdirektør er på plass, er det denne gjengen som styrer landbruksavdelinga.
Da er MatSmiå noko for deg. Få fagleg påfyll og delta på nyttige kurs innan brødbakst, mjølkeforedling, søtsaker, design, smak og berekraftig mat. 10.-11. februar på Karmsund vgs i Haugesund.
28.01.2016
Bli med på studietur til Sør Tyrol og bli fruktdyrkar. Sør-Tyrol ligg langt framme når det gjeld dyrking av frukt. Av einskilde sortar eple får dei 6000 kilo på eit dekar. Tradisjonell fruktdyrking gir i Noreg opp mot 1000 kilo pr dekar. Ved å plante tettare, gjødsle og vatne systematisk kan dei flinkaste fruktprodusentane i Noreg få 4500 kilo pr dekar. Påmeldingsfrist til turen er 31.januar.
27.01.2016
Statsråd Jon Georg Dale vitja Jæren måndag 25.januar.
26.01.2016
Regelverket for når søknadsplikta slår inn er i stor grad basert på skjønnsmessige kriterier. Her kjem nokre generelle føringar for den konkrete vurderinga som kommunen skal ta.
18.01.2016
Frå Stavanger i nord til Eigersund i sør bur 18 % av innbyggarane i gåavstand til jernbanestasjon. Det viser ei utrekning Fylkesmannen i Rogland har gjort. Dette utgjer 46 701 innbyggarar. Transformasjon og fortetting i byområde Stavanger og Sandnes og i «stasjonsbyane» på Jæren vil kunne auke denne andelen.
1853 føretak søkte i 2015 om tilskot til miljøtiltak frå Regionalt miljøprogram i Rogaland. Det var godt samsvar mellom søknadsomfang, førebelse tilskotssatsar og økonomisk ramme.
15.01.2016
Denne søknadsomgangen er det nye rutinar for å søkje om avløysartilskot. Vi ser at mange har gløymt å føre opp utgifter til lønn, og berre fører opp arbeidsgivaravgift.
Fylkesmannen i Rogaland har i år kr 550 000 til prosjekt som kan bidra til å løyse våre regionale utfordringar på klima - og miljøområdet.
14.01.2016
Fristen for å søkje om produksjonstilskot i jordbruket er onsdag 20. januar. Hugs å få med alle opplysningane når du søkjer - å etterregistrere utegløymte opplysningar, blir rekna som innsending av ny søknad. Etter fristen blir søknadar trekt med kr 1000 per dag.
11.01.2016
Mattilsynet, Folkehelseinstituttet og Veterinærinstituttet har oppdatert sine smittevernråd for MRSA. Dei nye smittevernråda vidarefører og understreker ambisjonen om å halda den norske husdyrproduksjonen fri for MRSA. Råda om testing for MRSA av personar som skal arbeide med husdyr er utvida.
08.01.2016