Debio har lansert eit nytt merke som matvarehandelen kan bruke for å marknadsføre økologisk mat. Tidlegare var merkeordninga øyremerka serveringsstader. Nå kan både butikkar og serveringsstader bruke same merke for å synleggjere økologisk mat.
29.03.2016
Våren er her, og snart er det tid for gjødsling. Vi oppmodar flest mogleg til å nytte miljøvenlege metodar for spreiing av husdyrgjødsel. I Regionalt milljøprogram er det mogleg å søkje tilskot. Nytt i 2016 er at heile Sandnes er med i tilskotsområdet for miljøvenleg gjødselspreiing.
21.03.2016
Nye og potensielle fruktdyrkarar er velkomne til fruktsafari på Ombo 2. april. Her vil dei treffe Roald Vold og Marianne Kåsen, som har ein av dei mest moderne frukthagane i Noreg. Bli med på tur, og bli inspirert!
Landbruks- og matministeren har no sendt brev til alle landets kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn om oppfølging av den nasjonale jordvernstrategien.
18.03.2016
Rogaland omdisponerte 1 353 dekar dyrka jord i 2015. Det går fram av dei førebelse tala frå Kommune-Stat-Rapporteringa (KOSTRA) som blei offentleggjorte denne veka.
16.03.2016
Landbruks- og matdepartementet har no lansert ein handlingsplan mot antibiotikaresistens innanfor departementets sektoransvar. Målet er mellom anna å redusere bruken av antibiotika i norsk husdyrproduksjon.
Er du ein gründer, etablert bedrift, offentleg aktør eller ein kreativ bonde? Sit du på ein god idé? Sjå filmen om verkemiddelkameratane, og finn ut korleis du kan få hjelp til å realisere din idé!
14.03.2016
Om lag 272 landbrukseigedommar i Rogaland vil bli unntatt konsesjonsplikt dersom arealgrensene blir heva frå 25 til 35 dekar. Vidare vil 800 fleire landbrukseigedommar vere fritatt for den lovbestemte buplikta.
11.03.2016
Ordninga med gjerdeklyvarar er frå 2016 supplert med hundportar som kan utplasserast langs turstiar.
10.03.2016
I Sandnes kommune har det dei siste åra blitt bygd fleire flisanlegg for fjern- og nærvarme. 1. mars arrangerte Innovasjon Norge og Fylkesmannen i Rogaland studietur til fleire av disse anlegga.
09.03.2016
Rogaland må setje ei eiga maksgrensa for kor mykje dyrka jord som kan byggjast ned årleg. Det slo fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal fast under landbrukskonferansen 2. mars.
04.03.2016
Rogaland landbruksselskap sin heiderspris for 2015 er tildelt Eirik. K. Hobberstad. Han får prisen for sitt engasjement for utdanning og kompetansebygging i landbruket.
02.03.2016