SMIL og drenering

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) skal motivere aktive bønder til frivillig innsats for å ta vare på kulturlandkskapet og biologisk mangfald, samt hindre ureining. Bønder kan også få tilskot til drenering.
God oppslutnad om prosjektet «Piggfrie gardsbruk 2021»
148 aktive bønder i Rogaland tek vekk piggtrådgjerde tilsvarande køyreavstanden frå Stavanger til Kristiansand (230 kilometer). Mykje av piggtrådgjerda blir erstatta med piggfri gjerde. Kommunane løyvde 2,8 millionar i SMIL-midlar til denne miljødugnaden i 2021
Publisert 14.12.2020
Færre søker om dreneringstilskot
Med unytta midlar frå 2019 og ei tildeling på 10 millionar hadde Rogaland 18,4 millionar kroner disponibelt til dreneringstilskot i 2020. Potensialet for mange gode tiltak var dermed stort, men prognosane for løyvingar i år viser at berre ein tredjedel av desse vil bli nytta.
Publisert 01.10.2020
Tiltak mot forureining blir prioritert
Framleis er det attende SMIL-midlar i potten, og Fylkesmannen prioriterer tiltak mot forureining når restmidlane skal fordelast mellom kommunane.
Publisert 02.07.2020
Treng du ny gjerdeklyvar eller hundeport? Slik går du fram
Framleis har dei fleste kommunane gratis gjerdeklyvarar på lager etter den gamle tilskotsordninga. Ta kontakt med kommunen viss du treng ein på di driftseining.
Publisert 07.04.2020
7,34 millionar til SMIL-tiltak i 2019
I 2019 løyvde kommunane i Rogaland 7,34 millionar til Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) til totalt 119 søknadar.
Publisert 21.06.2019
SMIL-tilskot til tak på gjødsellager
Kommunane kan frå 2019 gi tilskot til å etablere dekke/tak over utvendig gjødsellager.
Publisert 08.03.2019
Søk digitalt om SMIL-tilskot og tilskot til drenering
Alle søknadar om tilskot til Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og tilskot til drenering av jordbruksjord skal nå sendast digitalt inn via ID-porten/Altinn. Rettleiingar og forklaringar ligg inne i sjølve søknadssystemet.
Publisert 18.10.2018
Gjerdeklyvarar – bruer til kulturlandskapet
I Rogaland får bøndene gjerdeklyvarar og hundeportar gratis gjennom SMIL-midlane. Dei siste åra har nær to millionar kroner gått til dette formålet.
Publisert 09.07.2018
Søk om tilskot til drenering
Planlegg du eit dreneringstiltak i løpet av dei neste tre åra? Dreneringstilskotet ligg no på omlag 2000 kr per dekar eller kr. 30,- pr. meter avskjæringsgrøft.
Publisert 09.07.2018
Hundeportar - ny ordning i 2016
Ordninga med gjerdeklyvarar er frå 2016 supplert med hundportar som kan utplasserast langs turstiar.
Kontaktpersonar
-
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78 -
Hedda Haugland
Tlf: 51 56 88 13
Lenkjer
Viktige datoar for kommunane
1. juni: Frist for å melde inn behov for ekstra midlar.
1. september: Frist for å melde inn behov for SMIL-midlar for neste år, samt rapportere bruk av midlar.