Regionalt miljøtilskot frå Regionalt miljøprogram, RMP
Alle landbruksføretak kan søke tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. I Rogaland kan dei søke frå 15. september til 15. oktober.
Ny forskrift om regional miljøtilskot i Rogaland
Rulleringa av Regionalt miljøprogram er avslutta, og ny forskrift er på plass. Frå og med 2023 kan bøndene i Rogaland søkje på tre nye tiltak, tilskot til bruk av biokol, tilskot til fangvekst som underkultur og tilskot til brenning av kystlynghei. Dei "gamle" ordninga er også ført vidare.
Publisert 14.04.2023
Tilskot til biokol blir ein del av Regionalt miljøprogram
Heilt nytt frå og med 2023 er at jordbruksføretak i Rogaland kan søkje tilskot til å bruke biokol i open åker. Biokol kan auke karboninnhaldet i jord og gi betre vasslagringsevne. Førebels tilskotssats blir 15 kr per kg.
Publisert 08.02.2023
Endelege satsar for regionalt miljøtilskot 2022
Statsforvaltaren har i samråd med styringsgruppa for Regionalt miljøprogram og SMIL fastsett dei endelege satsane for regionalt miljøtilskot i 2022.
Publisert 30.01.2023
Høyring av Regionalt miljøprogram i Rogaland 2023–2026
Regionalt miljøprogram gir føringar for regionalt miljøtilskot i jordbruket. Ny programperiode er 2023–2026, og Statsforvaltaren legg utkast til nytt miljøprogram for Rogaland med tilhøyrande forskrift ut til open høyring.
Publisert 31.10.2022
Hugs søknadsfristen 15. november for tilskot til organisert beitebruk
Beitelaga i Rogaland kan søke regionalt miljøtilskot (RMP) om tilskot til organisert beitebruk. Søknadsfristen er 15. november. Tilskotet skal gå til arbeidet med organisert tilsyn, sanking og andre fellestiltak.
Publisert 20.09.2022
Tilskotsordningar i Regionalt miljøprogram 2022
Rogaland har 66,4 millionar kroner til regionalt miljøtilskot i 2022. Oversikt over dei ulike tilskotsordningane med vilkår og skjøtselsråd finn du her.
Publisert 15.09.2022
Frå 15. september kan du søkje regionalt miljøtilskot
Tenkt å søkje tilskot til skjøtsel av bratt areal, turstiar, kystlynghei, miljøvenleg gjødselspreiing mv.? 15. september opnar søknadsportalen for regionalt miljøtilskot, og siste søknadsfrist er 15. oktober.
Publisert 14.09.2022
Regionalt miljøtilskot til bruk av biokol?
Skal bøndene i Rogaland få regionalt miljøtilskot til bruk av biokol? Det er eit av spørsmåla vi må ta stilling til i rulleringa av Regionalt miljøprogram. Vil du lære meir om biokol kan du bli med på digitalt temamøte 20. september.
Publisert 12.07.2022
Rulleringa av Regionalt miljøprogram i Rogaland har starta
Ny kabal for 66 millionar kroner i regionalt miljøtilskot skal leggast i 2022. Regionalt miljøprogram skal treffe miljøutfordringane i Rogaland, og Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland bondelag, Rogaland bonde- og småbrukarlag skal i fellesskap velje ut kva slags miljøtilskot som skal gjelde i fylket.
Publisert 06.07.2022
Kraftig auke i regionalt miljøtilskot
20,7 millionar kroner i auka ramme for Regionalt miljøprogram i Rogaland blei resultatet i årets jordbruksoppgjer. Dermed kan bønder i fylket søke regionalt miljøtilskot for til saman 66,4 millionar kroner i søknadsomgangen 2022.
Kontaktpersonar
Lenkjer
Dokument
- Regionalt miljøprogram i Rogaland, RMP 2023-2026 (pdf)
- Rundskriv frå Landbruksdirektoratet om regionalt miljøprogram 2024
- Rundskriv frå Statsforvaltaren til regionalt miljøprogram i Rogaland 2024 (pdf)
- Skjema for å levere papirsøknad om regionalt miljøtilskudd 2024 - Bokmål (pdf)
- Skjema for å levere papirsøknad om regionalt miljøtilskot 2024 - Nynorsk (pdf)
- Veiledningshefte RMP 2024.pdf
Aktuelt
Statistikk (excel-filer)
Kart
Regionalt miljøprogram på Temakart Rogaland
Nyttig fagstoff