Miljøtiltak

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 25.11.2020

Kurs i avfallshandtering for landbruket

Ein ny undersøking frå Norwegian Research Centre (Norce) konstaterer at 70 prosent av plasten i norske lakseelvar er rundballplast. Landbruket bør difor ta meir ansvar for sikre at plast og anna landbruksavfall blir handsama på rett vis.


Publisert 24.11.2020

Resirkulering av gjødselvatn i veksthus - investeringskostnader og lønsemd

Kor mykje kostar det å få på plass resirkulering av gjødselvatn i eit gartneri? Og når sparar gartnaren så mykje gjødsel at eit slikt anlegg blir lønsomt? Dette har NIBIO undersøkt, og rapporten er klar. 


Publisert 19.11.2020

Rett bruk av resirkuleringsanlegg i veksthus

Norsk Landbruksrådgiving Viken har laga ein rettleiar for bruk av resirkuleringsanlegg i veksthus. 

 


Publisert 04.11.2020

Biogassproduksjon på Finnøy og Rennesøy – ny rapport

I følgje ein ny rapport frå Carbon Limits er Finnøy og Rennesøy godt eigna for bygging av biogassanlegg frå husdyrgjødsel. Rapporten gir grunnlag for å kome vidare mot realisering av eit anlegg.


Publisert 29.10.2020

Gode nyhende om jordbrukskanalane på Jæren

Forskarar frå NIBIO og Faun naturforvaltning har undersøkt stoda i jordbrukskanalar på Jæren. Dei er positivt overraska over kor godt det står til med økologien trass steinsetting og utretting.  


Publisert 29.09.2020

Vil du sette av ei "vipestripe" våren 2021?

Denne våren satte over 40 bønder av ei lita stripe med jordarbeidd areal til vipa. Vil du gjere det same våren 2021? Då må du melde ifrå til kommunen før 15. oktober, det er eit vilkår for regionalt miljøtilskot. Melding av interesse er uforpliktande. 


Publisert 25.06.2020

Film: Korleis ta vare på vipa?

I filmen fortel bønder på Jæren om gode vipe-tiltak. Her kan du mellom anna sjå korleis reira blir dekka til med ein "vipedisk" under gjødsling med slepeslangar.


Publisert 27.05.2020

Treng du finansiering av gode vipe-tiltak på eigen gard?

Nå springer det forhåpentlegvis rundt vipeungar på mange gardsbruk i Rogaland. Vi trur og håper det blir tatt omsyn i slåtten og i anna arbeid. Dersom du som gardbrukar ser det er tiltak som kan gjerast og som krev litt ekstra, så kan du ta kontakt med oss angåande finansiering.


Publisert 30.04.2020

Utsira er Rogaland sin kandidat til nasjonal kulturlandskapspris 2020

Norsk Kulturarv samarbeider med Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet om å kåre vinnar av den årlege Nasjonale Kulturlandskapsprisen. Alle fylka er invitert til å nominere kandidatar til denne prisen.   


Publisert 06.04.2020

Ny Regionalplan for vannforvaltning i Rogaland får utsett høyring

Opprinneleg skulle ny plan på høyring 1. oktober, men blir utsett til 1. januar på grunn av korona-epidemien. Planen skal beskrive korleis det står til med vatnet vårt, kva miljømål vi skal nå, og kva tiltak som må setjast i verk for at vi skal nå måla.