Landbruksforvaltning
Her blir det lagt ut informasjon som er retta mot kommunal landbruksforvaltning.
Oppføring av mannskapsforlegningar på landbrukseigedomar
Ulike saker har gjort oss merksame på at det er eit betydeleg press på etablering av mannskapsforlegningar på landbrukseigedomar. Dette oppstår typisk i samband med ønske om innlosjering av utanlandske arbeidstakarar som skal arbeide på garden i kortare eller lengre tid. Vi ønsker derfor å orientere om rammeverket for vurderingane kommunane skal ta etter plan- og bygningslova.
Publisert 01.03.2018
Brev frå Fylkesmannen kjem no digitalt
Framover vil brev frå Fylkesmannen i Rogaland bli sendt digitalt. Har du huska å opprette ein digital postkasse?
Publisert 01.03.2018
Nytt styre i 4H set demokratiet i fokus
Sist helg var det årsmøtet i 4H Rogaland. Nesten 200 engasjerte ungdomar i salen og mange gode innlegg, lover godt for eit aktivt 4H-år!
Publisert 21.02.2018
Verdien av norsk mat
Leiar av tankesmia Agenda, Marte Gerhardsen kjem til landbrukspolitisk konferanse 19. mars. Marte Gerhardsen er som sin farfar Einar, ein engasjert samfunnsdebattant. Ho har vore politisk aktiv, men er no leiar i ei partipolitisk uavhengig tankesmie.
Publisert 14.02.2018
Oppføring av hus på landbrukseigedomar
Ulike saker har gjort oss merksame på at det er forskjellig praksis i saksbehandlinga til kommunane knytt til oppføring av hus på landbrukseigedomar. Vi ønsker difor å orientere om rammeverket for vurderingane kommunane skal ta etter plan- og bygningslova.
Publisert 30.01.2018
Bøndene forvaltar store verdiar
På det store bondemøtet på Varhaug den 29. januar fekk vi nyttig påminning om at bonden har ei viktig rolle som forvaltar av fellesskapet sine verdiar, i tillegg til hovudoppgåva som er å produsere mat. Dette gjeld verdiar knytt til sjeldne planter og dyr, og til kulturminne.
Publisert 30.01.2018
Endringar i jordlova
Endringar i jordlova sine føresegner om verkeområde tredde i kraft 01.01.18. Endringane inneber at forbodet mot omdisponering (§9) og krav til delingssamtykke (§12) ikkje gjeld for tiltak med konsesjon etter energilova §3-1, vannressurslova eller vassdragsreguleringslova.
Publisert 24.01.2018
Sentral forvaltning av kartdata i kommunane
Det er endringar på gang når det gjeld forvaltning av felles kartdatabase, gardskart og jordregister.
Publisert 29.09.2017
Presentasjonar frå tilskotssamlinga 22. september 2017
Fylkesmannen arrangerte tilskotssamling 22. september 2017. Her kjem presentasjonane frå samlinga.
Publisert 17.08.2017
Oppdatert kompetanseplan
Kompetanseplanen for kommunane hausten 2017 er no oppdatert, og du finn den i høgre marg.