Kommuneøkonomi

Oppdatert 18.11.2024

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

Robek-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i Robek er underlagt statleg kontroll med årsbudsjett, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. For kommunane er denne kontrollen delegert til Statsforvaltaren. Kommunar og fylkeskommunar i Robek skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunar kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Kommunen kan bruke det digitale søknadsskjemaet til å søkje Statsforvaltaren om godkjenning av kommunal garanti. Bruk av skjemaet sikrar at vi får inn dei opplysningane vi treng for å behandle søknaden. Kommunen kan gjerne også bruke skjemaet som støtte og kontroll i framkant av at saka skal opp til politisk behandling i kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir


Publisert 26.04.2016

Svakare skatteinngang enn landet i 2015

Kommunane i Rogaland hadde  svakast skattevekst av fylka i fjor, det vanlege har vore større vekst enn landet. Nivået pr. innbyggjar ligg framleis godt over landet, men gjekk ned i 2015. 


Publisert 22.04.2016

Avtale om nytt inntektssystem i kommunane

I går presenterte regjeringspartia, saman med Venstre, ein avtale om nytt inntektssystem for kommunane.

 


Publisert 18.03.2016

Skjønsmidlar til kommunale innovasjons- og fornyingsprosjekt 2016

Kommunane kan nå søkja om midlar til innovasjons- og fornyingsprosjekt. Søknader må sendast elektronisk og fristen er 6. mai.


Publisert 18.03.2016

Skjønstilskot til språkdeling 2016

Fylkesmannen har fordelt  8,7 mill. kr av skjønsramma for 2016 til
7 kommunar sidan dei har meirutgifter i samband med språkdeling.


Publisert 18.03.2016

Lågare folketilvekst enn landet i 2015

For første gong på mange år aukar folketalet i Rogaland mindre enn landet.


Publisert 09.03.2016

Kommuneøkonomiseminar

Onsdag 6. april arrangerer Fylkesmannen, i samarbeid med KS og NKK, eit økonomiseminar med svært aktuelle tema som oljekutt, befolkningsprognosar, Kostra og arbeidsmarknad.


Publisert 21.12.2015

10 kommunar får i alt 6,1mill. kr for flyktningkostnader

10 kommunar i fylket får ekstra midlar av skjønstramma til KMD fordi dei har hatt store kostnader i samband med flyktningsituasjonen i haust. Dette gjeld kommunane Eigersund, Sandnes, Stavanger, Haugesund, Lund, Hå, Sola, Sauda, Karmøy, og Vindafjord.


Publisert 21.12.2015

Endeleg budsjettvedtak - kommunesektoren

Stortinget fatta 12. desember endeleg vedtak om rammetilskota til kommunane for 2016. Dei viktigaste endringane i høve til budsjettforslaget i oktober er at skatteoppkrevarfunksjonen ikkje blir overført og at 594,6 mill. kr dermed blir tilbakeført, vidare blir det ikkje noko av vedlikehalds- og rehabiliteringstilskotet som var føreslått.


Publisert 17.12.2015

Nytt inntektssystem – viktig for kommunane si framtid

I dag har regjeringa lagt fram høyringsforslag til nytt inntektssystem for kommunane. Det ligg til grunn at det nye inntektssystemet skal vere meir målretta for å gjere kommunane rusta til å møte utfordringane i framtida.


Publisert 20.11.2015

Ny kommunaløkonomisk statistikk

Hovudbiletet samla for fylket er at handlefridomen (netto driftsresultat)  relativt  er svekka noko dei seinare åra, samstundes som gjeldsgraden har nærma seg  landet.