Kommunal fornying

Oppdatert 08.04.2024

Noreg har ein offentleg sektor som sikrar velferd, omsorg, helse og utdanning, og som skal gi alle innbyggjarane gode tenester, valfridom og medbestemming. Fornying av offentleg sektor skal ha som mål å oppnå meir velferd og mindre administrasjon, meir lokal fridom og mindre detaljstyring.

Statsforvaltaren skal stimulere til lokal omstilling og fornying i kommunesektoren. Dette arbeidet må sjåast i samanheng med arbeidet knytt til rettleiing, samordning og tildeling av skjønnsmidlar.

Prosjektskjønn er ein integrert søknads- og rapporteringsportal som blir brukt av kommunar, tilsette hos Statsforvaltaren og Kommunal- og distriktsdepartementet. Løysinga forenklar handtering av søknader og rapportering på bruk av skjønnsmidlar til fornying og innovasjon i offentleg sektor. 

Publikum og media har tilgang til ein nettstad som gir innsyn i tildelte midlar, omtale av prosjekt og innsende rapportar

 

Vis meir


Publisert 16.10.2017

Ny tildeling av innovasjonsmidlar for 2017

I brev av 04.07.2017 tildelte vi midlar til kommunale innovasjons- og fornyingsprosjekt i 1. runde. Det blei haldt av ein reserve på 3,35 mill. som blir fordelt i denne runden. 9 nye prosjekt er tildelt midlar og eitt av prosjekta har fått auka tildeling.


Publisert 04.07.2017

Tildeling av midlar til innovasjonsprosjekt 2017 - 1. runde

Fylkesmannen har fordelt kr 3 250 000 til 8 kommunale innovasjonsprosjekt av skjønsmidlane for 2017. Sidan det skal haldast av ein reserve på 3,35 mill. kr til hausten, vil det bli ein ny tildelingsrunde då.


Publisert 31.01.2017

Skjønsmidlar til innovasjon og fornying i kommunane 2017

Det skal også i år tildelast skjønsmidlar til gjennomføring av innovasjons- og fornyingsprosjekt i kommunane etter søknad. Midlane vil bli tildelt av restramma på 6,6 mill. kr som er tenkt skal gå til dette formålet i hovudsak. Søknadsfristen er 2. mai.


Publisert 04.07.2016

Vel 5 mill. kr til innovasjon og fornying i kommunane

Fylkesmannen har fordelt kr 5 050 000 av skjønsmidla for 2016 til kommunale innovasjons-og fornyingsprosjekt, etter søknader frå kommunane. 14 prosjekt er tildelt midlar, i 11 kommunar, men 20 kommunar er involvert i prosjekta.

 


Publisert 18.03.2016

Skjønsmidlar til innovasjon og fornying i kommunane

Det skal også i år tildelast skjønsmidlar til gjennomføring av innovasjons- og fornyingsprosjekt i kommunane etter søknad.
 


Publisert 11.02.2016

Fagsenter tidleg innsats unge i Rennesøy

Rennesøy kommune fekk midlar i 2014 til prosjektet «Fagsenter i Rennesøy kommune», der ein skulle driva tverrfaglege tenester for barn med vekt på tidleg innsats, i ein prøveperiode på to år.


Publisert 06.07.2015

Tildeling av midlar til kommunale innovasjons- og fornyingsprosjekt 2015

Fylkesmannen har fordelt 4,4 millionar kroner av skjønsmidlane for 2015 til kommunale innovasjons- og fornyingsprosjekt, etter søknader frå kommunane. Ni kommunar har fått midlar til 14 prosjekt.


Publisert 12.03.2015

Skjønsmidlar til innovasjon og fornying i kommunane 2015

Det skal tildelast inntil 8,9 mill. kr til kommunale innovasjons- og fornyingsprosjekt i 2015. Dette er eit ledd i innovasjonsstrategien frå KMD for kommunesektoren. Søknadsfristen er 4. mai.


Publisert 03.07.2014

Tildeling av midlar til kommunale innovasjons- og utviklingssprosjekt 2014

Fylkesmannen har fordelt kr 4,73 mill kr  av skjønsmidla for 2014 til kommunale prosjekt for innovasjon og utvikling, etter søknader frå kommunane. 11 kommunar har fått midlar, 18 kommunar om ein reknar med samarbeidskommunar.


Publisert 28.02.2014

Innovasjonspris for kommunane

Det skal delast ut ein pris på kr 500 000 til ein kommune har greidd å tenkja nytt og setja innovative idear ut i livet, opplyser Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Søknadsfristen er 1. april.