Svikt i den kommunale omsorgstenesta i den såkalla «Kampen-saka»
Fylkesmannen i Rogaland har no avslutta den tilsynsmessige oppfølginga etter den såkalla Kampen-saka. Dette er saka der den omsorgstrengande Jonny Andre Risvik i 2010 døydde etter å ha vorte mishandla av ein vennegjeng i Kampens gate i Stavanger.
Fylkesmannen konkluderer med at Jonny Andre Risvik ikkje fekk forsvarleg oppfølging frå kommunen. Det vert også peikt på svikt når det gjeld ein av dei som deltok i mishandlinga som førte til at Risvik døydde.
19.05.2014