Helsetenester

Oppdatert 09.04.2024

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Statsforvaltaren fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er usamd i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er usamd i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klagen dit. Dersom du ikkje får medhald i klagen, blir han send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Statsforvaltarens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta må rette seg etter det.

Du kan be Statsforvaltaren vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Statsforvaltaren kan også ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Viss du er pasient, brukar eller pårørande, kan du til dømes klage på at du er misnøgd med tenestene du har fått, ved negative opplevingar, uønska hendingar, nestenuhell eller alvorleg svikt. Det digitale skjemaet vårt hjelper deg til å klage til riktig stad og med nødvendig informasjon. 

Dersom du meiner at det kan ha skjedd ein svikt i helse- og omsorgstenesta, er det ofte ein god start å ta dette opp direkte med verksemda som har gitt tenesta. I skjemaet blir du derfor spurt om du har klaga til den det gjeld. 

Dersom Statsforvaltaren etter å ha vurdert klagen din konkluderer med at du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. Men ved å melde frå til oss, kan du bidra til å hindre at dette skjer igjen eller at andre opplever det same. Tilsyna våre med helse- og omsorgstenesta skal bidra til å styrkje tryggleiken og kvaliteten i helse- og omsorgstenestene.

Vis meir


Publisert 20.07.2015

Mastergradsutdanning i avansert klinisk sjukepleie – nytt tilskot

Kommunar kan nå søke om lønnstilskot til vidareutdanning i avansert klinisk sjukepleie på mastergradsnivå. Målet er å styrke behandlings- og omsorgstilbodet til innbyggarar som har samansatte og komplekse sjukdomstilstandar.


Publisert 20.07.2015

Forsøk med statlege midlar for finansiering av omsorgstenester

I 2016 startar eit forsøk med statlege kriterier for tildeling av tenester  og finansiering av omsorgstenester. Alle kommunar blir inviterte til å søke om å delta i forsøket.


Publisert 22.04.2014

Fleire må melde frå til barnevernet

Statens Helsetilsyn har undersøkt om helsepersonell melder frå til barnevernstenesta slik dei har plikt til. Det er nå blitt publisert ein rapport som belyser temaet grundig.


Publisert 04.12.2012

E-læring: Korleis involvera pårørande ?

Det nettbaserte opplæringsprogrammet Opplæringsprogrammet. Pårørande er eit nytt hjelpemiddel for dei kommunale tenestene. Dette er klart  for implementering i Rogaland no.