Barn og unge
Barn og unge er eit tverrfagleg satsingsområde hos Statsforvaltaren i Rogaland.
FN sin barnekonvensjon er sentralt i arbeidet med barn og unge. Barnekonvensjonen gjeld for alle barn utan forskjellsbehandling og utan omsyn til rase, kjønn, språk, religion, opphav, funksjonshemming eller meining.
Ved alle handlingar som angår barn skal barnet sitt beste vere eit grunnleggande omsyn og det er staten og kommunane sitt ansvar å sette barnerettigheitene i verk. Me har sett følgande mål for arbeidet med utgangspunkt i FN sin barnekonvensjon
- Barn skal beskyttast mot ein kvar form for diskriminering (art. 2)
- Barnet sitt beste er eit grunnleggande prinsipp i all offentleg forvaltning (art. 3)
- Barn har rett til liv og utvikling ( art. 6)
- Barn har rett til å bli høyrtog skal få medverke i saker som angår dei (art. 12)
Samordna innsats
Statsforvaltaren i Rogaland er pådrivar for tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid for barn og unge, og jobbar for varige strukturar etter 0-24 samarbeidet.
Me jobbar for at barn og unge skal få hjelp og tenester på eit tidleg tidspunkt og utan brot i tenestelinene i sin kommune.
Målgruppa for arbeidet vårt er alle som legg til rette for eller arbeider med barn og unge, ungdomsråd og politikarar, politisk og administrativ leiing i kommunane, fylkeskommunen, og private og frivillige velferdsorganisasjonar og helseføretak.
Tverrfaglig og tverretatlig samarbeid – viktigere enn noen gang
Covid-19 startet som en helsehendelse, men ble raskt en utfordring som går på tvers av de fleste fagfelt som er i kontakt med barn og unge. Dette viser betydningen av og behovet for tverrfaglig og tverretatlig samarbeid og at det er viktigere enn noen gang.
Publisert 14.11.2018
Slik er tilbodet om helsestasjon for ungdom i Rogaland
Regjeringa har dei siste åra gitt nær ein milliard kroner i frie inntekter og tilskot årleg for å styrkje og utvikle helsestasjons- og skulehelsetenesta, inkludert helsestasjon for ungdom (HFU), seier Ellen Margrete Carlsen, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet. Det fortel noko om både vilje til satsing og om behov for tenestene der ute.