Klimasnuprisen

For å motivere til klimaomstilling i Møre og Romsdal, deler Statsforvaltaren årleg ut KLIMASNUprisen. 

Publisert 20.04.2022, Sist endra 06.06.2023

Prisen skal delast ut som påskjøning for

  • særleg engasjement og resultat i arbeidet med klimavennleg omstilling i Møre og Romsdal
  • å ha bidratt aktivt med å finne fram til eller auka bevisstheita om løysingar på klimautfordringane utan at det har gitt vesentleg negativ effekt på andre berekraftmål. (Løysingane kan gjerne vere lokale og eksempelvis knytt til energibruk, avfall, innkjøp, transport eller tilpassing til klimaendring)

Frist

Frist for nominasjon er 1. november. Du nominerar her: Skjema for nominasjon

Kven kan nominerast

Grupper og nettverk/verksemder/orgamnisasjonar/offentlege organ/personar, som har bidratt særskilt til positiv utvikling innan klimaarbeid i Møre og Romsdal det siste året.

Kven kan sende inn forslag til nominasjon

Grupper, nettverk, verksemder, organisasjonar, offentlege organ, personar kan sjølv nominere sine tiltak eller bli  nominert av andre, for eksempel ein samarbeidspartnar eller innbyggar. Same innsendar kan sende inn fleire forslag

Nominasjonen må innehalde

  • Namn på gruppe/nettverk/verksemd/organisasjon/offentleg organ/person og kontaktperson
  • Namn på klimatiltaket og kva kategori det høyrer til, utsleppsreduksjon eller klimatilpassing
  • Skildring av tiltaket (maks 400 ord)
  • Skildring av effekt tiltaket har på utslepp og klimaomstilling eller klimatilpassing (Maks 200 ord)
  • Skildring av overføringsverdi til andre (Maks 200 ord)
  • Liste over eventuelle referanser og referanseprosjekt

Desse punkta ligg inne i Skjema for nominasjon

Kriterium for tildeling

  • Oppnådde resultat som vil gje fylket ei positiv utvikling med omsyn til klima.
  • Overførbart og til inspirasjon for andre
  • I tråd med FNs berekraftsmål

Vurdering av forslag og kåring av vinnar

Statsforvaltaren si faggruppe for Klimasnu vurderar dei innsendte nominasjonane og innstiller til prisen. (Ved behov hentar arbeidsgruppa inn nødvendig ekstern fagkompetanse). Ein jury, beståande av statsforvaltaren, representantar frå KS, NHO, LO, ungdomsrådet og framtidslabben i Ålesund, handsamar innstillinga og avgjer kven som skal få prisen.

Prisen

Vinnar vil motta eit symbol som er laga av dei som skal arve jorda etter oss. Vinnaren vil også få mykje merksemd og god omtale og ein premiesum på 10 000 kr.


Publisert 15.12.2021, Sist endra 15.12.2021

Skule for framtida

På Sæbø har dei lykkast både med klimatilpassing og klimagassreduksjon.


Publisert 13.01.2021

KLIMASNUpris til innkjøpssamarbeid

Innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre vinner KLIMASNUpris.


Publisert 11.01.2021

Utdeling av KLIMASNUprisen på årets Nyttårskonferanse

For å motivere til klimaomstilling i Møre og Romsdal, deler Statsforvaltaren årleg ut KLIMASNUprisen. Denne delast ut på Nyttårskonferansen 13.01.21.


Nominer her

Film frå prisutdelinga for 2021

For å motivere til klimaomstilling i Møre og Romsdal, deler Statsforvaltaren årleg ut KLIMASNUprisen. Her ser du filmen om Klimasnuprisen 2021. Filmen blei også vist på Nyttårskonferansen 2022.

Klimaomstilling

Med klimaomstilling meiner vi både endringar i samfunnet som gjer det mogleg å redusere klimagassutslepp og endringar som bidrar til at samfunnet er godt budd på og tilpassa eit klima i endring. 

 

KLIMAGASSREDUKSJON

For å bremse den globale temperaturstiginga i tråd med Parisavtalen må store kutt i utsleppa på plass innan 2030. Det er behov for ei stor omstilling av samfunnet i Noreg, òg i Møre og Romsdal. Får å få til dette, må det settast inn tiltak og verkemiddel for å redusere utsleppa, men òg for å auke opptak av klimagassar.

 

KLIMASTILPASSING

Klimatilpassing inneber å tilpasse seg eit klima i endring. Både for å hindre eller redusere skade, men òg for å utnytte moglegheitene som endringane kan føre med seg. Å ta omsyn til eit klima i endring er naudsynt for å gjere samfunnet meir motstandsdyktig – i dag og i framtida.