Fiskesesongen i dei første elvane startar 1. juni. Her er informasjon om opningstider for fiske etter laks og sjøaure i elvane i Møre og Romsdal.
31.05.2024, Endra 03.06.2024
Mattilsynet er uroa for spreiing av fugleinfluensa blant kolonihekkande sjøfugl også i år. Det er viktig å oppdage eit utbrot tidleg, for å avgrense omfanget og konsekvensane.
31.05.2024
Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren inviterer til Regional plan- og klimakonferanse i Ålesund 1. til 2. oktober. Årets hovudtema er Knappheit på ressursar og korleis planlegge for framtida.
28.05.2024
Statsforvaltaren høyrer eit framlegg om vern av naturreservat i Bøverdalen i Surnadal kommune. Området ligg inst i Bøverdalen, og utgjer 1.730 daa.
Statsforvaltaren høyrer eit framlegg til utviding av Mardalen naturreservat i Molde kommune. Dei to delane av eksisterande naturreservat vert knytt saman ved det nye vernet.
24.05.2024
Statsforvaltaren melder med dette oppstart av arbeid med utviding av Nesplassen naturreservat i Fjord kommune.
15.05.2024
Har du trua fugleartar hekkande i enga? Du kan gjere avtale med Statsforvaltaren om å utsette slåtten der det er påvist hekking av åkerrikse, vipe, storspove eller grashoppesangar. Du kan søke om tilskot til dette gjennom regionalt miljøprogram.
14.05.2024
Frå mai til oktober gjennomfører Miljødirektoratet ei omfattande kartlegging av naturtypar i utvalde område i Møre og Romsdal. I tillegg blir det kartlagt område med potensiale for olivinskog initiert av Statsforvaltaren. Vi oppmodar grunneigarar i dei aktuelle områda til å ta kontakt med Statsforvaltaren dersom det er særlege omsyn vi bør ta på dykkar eigedom.
07.05.2024
Statsforvaltaren melder med dette oppstart av arbeid med frivillig vern av skog i Bøverdalen, Surnadal kommune.
Kommunane i Norge skal slå ned på forsøpling og krevje opprydding. I år blir kommunane sett i korta gjennom tilsyn. Følgjer dei lovverket om forsøpling?
30.04.2024