Jordvern og landbrukseigedom
God planlegging og arealforvaltning er ein føresetnad for god samfunnsutvikling. Som fagmynde innanfor landbruk skal statsforvaltaren sørge for at jordvern og landbrukseigedom blir ivareteke i kommunal arealforvaltning.
Statsforvaltaren skal også sikre at kommunale vedtak er i samsvar med gjeldande lovverk, både som klageinstans og overordna organ.
Kommunane tek avgjerder for korleis areala skal brukast innanfor rammene av nasjonal politikk. Når kommunane fattar vedtak, som etter statsforvaltaren sitt syn går utanfor desse rammene, har Statsforvaltaren myndigheit til klage på dispensasjonsvedtak, fremje motsegn til kommuneplanar og reguleringsplanar, og omgjere vedtak etter jordlova og konsesjonslova.
Jordvern Møre og Romsdal
Møre og Romsdal har fått sin første Jordvernforening, då denne vart skipa under stiftingsmøte på Gjermundnes 15. februar 2016. Målet er å samle ei brei forståing og støtte for eit sterkt jordvern i Møre og Romsdal.
Publisert 18.02.2016
Nasjonal jordvernstrategi vedteken av Stortinget
Stortinget vedtok 8. desember 2015 samrøystes eit strengare vern av matjord, og skjerpar
målet for årleg omdisponering av dyrka mark frå maksimalt 6000 daa til 4000 daa.
Målsettinga skal skje gradvis, og omdisponeringsmålet skal vere nådd innan 2020.
Publisert 17.02.2016
2014; eit svakt år for jordvernet i Møre og Romsdal
KOSTRA-tal for 2014 viser at det vart omdisponert 783 dekar dyrka og dyrkbar jord, til anna enn landbruk. Dette er fordelt på 463 dekar dyrka og 320 dekar dyrkbar jord, ei auke frå 2013 som var på totalt 688 dekar og 334 dekar dyrka og 354 dekar dyrkbar jord.