Rapporten Utviklinga i kommuneøkonomien 2023 viser hovudtrekka i kommuneøkonomien i fylket. Den beskriv nokon av utfordringane som kommunane står i, orienterer om sentrale reglar, minner om viktige oppgåver og viser sentrale økonomiske tal i utviklinga i kommuneøkonomien dei siste åra.
05.07.2024
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har bedt Kommunal- og distriktsdepartementet om å melde Hareid kommune i ROBEK. Hareid blir meldt inn på bakgrunn av meirforbruk i rekneskapen for 2023.
28.06.2024
75 prosent av innbyggarane på Ona/Husøya og Sandøya ønsker å bli del av Aukra kommune. 23 prosent ønsker å bli verande i Ålesund kommune.
21.06.2024
Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren inviterer til Regional plan- og klimakonferanse i Ålesund 1. til 2. oktober. Årets hovudtema er Knappheit på ressursar og korleis planlegge for framtida.
28.05.2024
Kva for ein kommune bør Ona og Sandøya tilhøyre? Ålesund eller Aukra? Alle som bur på øyene får seie si meining i ei innbyggarundersøking i veke 23 og 24. Les meir om undersøkinga her!
07.05.2024
Faktagrunnlaget vart sendt til kommunane for innspel 19. april. Det vert oppdatert etter innspel. Siste utkast finn du til ein kvar tid her.
23.04.2024
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal rår til å avslå søknaden om å greie ut grensejustering av Midsund frå Molde kommune til Aukra kommune. Grensejustering av Liabygda frå Stranda kommune til Fjord kommune rår Statsforvaltaren til å utgreie.
19.03.2024
Statsforvaltaren inviterer kommunane i Møre og Romsdal til å søkje på skjønnsmidlar for 2025.
29.02.2024
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har i dag sendt brev til Kommunal- og distriktsdepartementet om at Stranda kommune skal meldast ut av ROBEK.
06.02.2024
Forventningsbrevet 2024 går til kommunane i Møre og Romsdal. I brevet informerer Statsforvaltaren om sentrale forventningar og oppdrag frå nasjonale myndigheiter.
05.01.2024, Endra 10.01.2024