Kommuneøkonomi

Oppdatert 18.11.2024

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

Robek-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i Robek er underlagt statleg kontroll med årsbudsjett, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. For kommunane er denne kontrollen delegert til Statsforvaltaren. Kommunar og fylkeskommunar i Robek skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunar kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Kommunen kan bruke det digitale søknadsskjemaet til å søkje Statsforvaltaren om godkjenning av kommunal garanti. Bruk av skjemaet sikrar at vi får inn dei opplysningane vi treng for å behandle søknaden. Kommunen kan gjerne også bruke skjemaet som støtte og kontroll i framkant av at saka skal opp til politisk behandling i kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir


Publisert 06.10.2022

Fylkesvis skjønnsramme for 2023 - Møre og Romsdal

Statsforvaltaren tildeler årleg skjønnsmidlar til kommunane i Møre og Romsdal. For 2023 skal 51,6 millionar fordelast.


Publisert 11.07.2022

Utviklinga i kommuneøkonomien 2021

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gir årleg ut ein rapport som viser hovudtrekka i utviklinga av kommuneøkonomien i fylket.


Publisert 21.06.2022

Sande kommune ut av ROBEK

Sande kommune er utmeldt frå ROBEK - register om betinga godkjenning og kontroll. Vedtatt årsrekneskap for 2021 viser at kommunen har klart å dekke inn alt underskott frå tidlegare år.


Publisert 20.05.2022

Vestnes meldt inn i ROBEK

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har bede om at Vestnes kommune vert underlagt statleg kontroll med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. 


Publisert 15.05.2022

Revidert nasjonalbudsjett 2022 og kommuneproposisjonen 2023

12. mai la regjeringa fram forslag til revidert nasjonalbudsjett for 2022 og kommuneproposisjonen for 2023.


Publisert 29.04.2022

Giske kommune ut av ROBEK

Giske kommune er utmeldt frå ROBEK (Register om betinga godkjenning og kontroll). Vedtatt årsrekneskap for 2021 viser at kommunen har klart å dekke inn alt underskott frå tidlegare år.


Publisert 01.03.2022

Skjønnsmidlar og fylkesløft/prosjektskjønn for 2023

Statsforvaltaren inviterer kommunane i Møre og Romsdal til å kome med innspel til skjønnstildelinga for 2023. Ein del av skjønnsramma skal gå til innovasjon og utvikling i kommunane. Satsingsområda for 2023 står lista opp under fylkesløft/prosjektskjønn.


Publisert 03.12.2021

Ekstra skjønnsmidlar - Covid-19, andre halvår 2021

Statsforvaltaren har fordelt 36 millionar kroner til kommunane i skjønnsmidlar til smittevern og oppfølging av TISK-strategien.


Publisert 15.11.2021

Siste fordeling av skjønnsmidlar 2021

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har for 2021 fått 54 millionar kroner i fylkesvis skjønnsramme til fordeling i budsjettåret. 

Vi har tidlegare fordelt 45 millionar kroner. Her følger fordelinga av dei resterande 9 millionar kroner.


Publisert 08.11.2021

Tilleggsnummeret til Statsbudsjettet 2022

Tilleggsnummeret til statsbudsjettet vart lagt fram måndag 8. november kl 12.