Eksamen og vurdering
På denne sida vil du finne informasjon om gjennomføring av sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring, samt om nasjonale prøver og kartleggingsprøver.
Vaksne som skal ta grunnskuleeksamen har felles førebuing, felles eksamen og felles sensur som i grunnskulen. Dei digitale prøvene i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar finn ein på sida til Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir.).
Denne sida er ikkje ei totaloversikt over eksamens- og prøvefeltet. For å halde seg oppdatert, følg med på sida til Utdanningsdirektoratet. Her finn ein meir informasjon.
Læreplanarbeid, vurdering og sentralt gitt eksamen i grunnskolen skoleåret 2021-2022
Under har vi samla ein del viktig informasjon frå Utdanningsdirektoratet sine sider knytt til arbeidet med nye læreplanar og kva som er nytt på vurderingsfeltet etter innføringa av LK20.
Publisert 05.07.2019
Erfaringar frå eksamen i grunnskulen 2019 - Oppmannsrapportar
Oppmannsrapportane i faga engelsk, matematikk og norsk etter gjennomføringa av skriftleg eksamen i grunnskulen våren 2019 er no publiserte. Rapportane gjeld for eksamensregion Møre og Romsdal.
Publisert 13.06.2019
Nasjonale prøver hausten 2019
Hausten 2019 gjennomfører 5. og 8. og 9. trinn nasjonale prøver på same tid for første gang.
Publisert 06.06.2019
Klage på standpunktkarakterer 2019
Fylkesmannen har gått over til digital sending. Det digitale system opnar ikkje for direkte sending til skulane og vår kontakt må dermed rettast til kommunen. Den nye rutinen gjeld når Fylkesmannen svarar på klager på standpunktkarakter.
Publisert 12.02.2019
Erfaringar og vurderingar av eksamen 2018
Utdanningsdirektoratet har gjort ei oppsummering av vår- og hausteksamen 2018 og angjev kva oppgåver dei vil prioritere på eksamensfeltet i 2019.
Publisert 27.11.2018
Korleis nytte resultata frå nasjonale prøver?
No er resultata frå nasjonale prøver på 5. trinn publisert og tilgjengelege i skoleporten.no
Publisert 16.10.2018
Kvifor har vi (framleis) nasjonale prøver
Skolane er no i gang med gjennomføring av nasjonale prøver på 5. trinn (15.10 – 2.11). Tidlegare har 8. og 9. trinn gjennomført prøva.
Publisert 16.07.2018
Erfaringar frå eksamen i grunnskulen 2018 - Oppmannsrapportar
Oppmannsrapportane i faga engelsk, matematikk og norsk etter gjennomføringa av skriftleg eksamen i grunnskulen våren 2018 er no publiserte. Rapportane gjeld for eksamensregion Møre og Romsdal/ Sogn og Fjordane.
Publisert 02.05.2018
Sensorskulering i grunnskulen 2018
Totalt 102 sensorar frå region Møre og Romsdal / Sogn og Fjordane deltok på årets skulering til sentralt gitt eksamen i norsk, engelsk og matematikk i grunnskulen som vart arrangert den 25. og 26. april på Hotel Alexandra i Loen.
Publisert 03.07.2017
Erfaringar frå eksamen i grunnskulen 2017 - Oppmannsrapportar
Oppmannsrapportane i faga engelsk, matematikk og norsk etter gjennomføringa av skriftleg eksamen i grunnskulen våren 2017 er no publiserte. Rapportane gjeld for prøveregion Møre og Romsdal/ Sogn og Fjordane.
Kontaktpersonar
-
Annhild Lorentzen
Tlf: 71 25 85 96 -
Tone Malme
Tlf: 71 25 85 66
Lenkjer
Klage på standpunktkarakter
Rettleiing klage på standpunktkarakter i fag (Udir.no).
Vi har tatt i bruk den nye nasjonale løysinga for innsending av klager på standpunktkarakterar.
Vi ber om at skolane nyttar denne lenka for elektronisk oversending av klage på standpunktkarakter.
Aktuelt skoleåret 2024/2025
12. februar 2025:
Eksamensmøte for skoleeigarar og skoleleiarar
18. mars 2025:
Webinar: Å finne språket - Vurdering i mat og helse
8. april 2025:
Webinar: God undervisning- og vurderingspraksis i matematikk
2. juni 2025:
Sensorskolering grunnskolen, Molde
17. juni 2025:
Fellessensur grunnskolen, Molde