Skuleeigarar har plikt til å melde frå til Statsforvaltaren når dei avgjer å gje delar av opplæringa heime på gult nivå i trafikklysmodellen, eller ved raudt nivå som er avgjort lokalt.
08.03.2021, Endra 08.03.2021
I utgangspunktet får berre nordmenn, og utlendingar som er busett i Norge høve til å reise inn i landet. Dette gjeld også EØS-borgarar.
05.03.2021
Dei nye kommunane i fylket, koronapandemi, overgang til digitale møter og satsing på klimaomstilling og samfunnstryggleik er nokon av hovudpunkta i årsrapporten som Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for året 2020.
03.03.2021
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal meldte i fjor Ålesund kommune til politiet for brot på forureiningslova. Saka gjeld ulovleg handtering av farleg avfall i 2018. Politiet har no gitt forelegg i saka.
23.02.2021
Seks filmar med tilhøyrande refleksjonsoppgåver gir støtte til lokal kompetanseutvikling i Berekraftig utvikling. Dette er eitt av tre tverrfaglege tema i dei nye læreplanane.
18.02.2021
Statsforvaltaren og Fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak, til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som var omtala i nyheitsbrevet for februar.
10.02.2021
Fem videoførelesingar med tilhøyrande oppgåver gir støtte til lokal kompetanseutvikling i det tverrfaglege temaet Demokrati og medborgarskap i skulen.
Eksamen for privatistar og munnleg eksamen for 10. trinn og Vg3 blir gjennomført.
09.02.2021
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sender i dag ut Forventningsbrev 2021 til kommunane i fylket.
08.02.2021
Hogst av skog heldt eit høgt nivå i Møre og Romsdal i 2020. Samstundes er det utfordringer i nyplanting og ungskogpleie.
01.02.2021