Bli betre kjend med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Embetsleiinga, ved assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste, og statsforvaltar Else-May Norderhus inviterer til ope hus!
17.02.2022, Endra 17.02.2022
Statsforvaltaren konkluderer med at Molde kommune ikkje har arbeidd godt nok med kvalitetsforbetring og pasient- og brukarsikkerheit i møte med personar som har ei utviklingshemming. Kommunen har no korrigert eigne rutinar.
11.02.2022
Regjeringa foreslår å avlyse alle ordinære eksamenar for elevar våren 2022. Privatisteksamen og fag- og sveineprøve skal gjennomførast, slik som i fjor. Forslaget skal på ei kort høyring før endeleg avgjerd blir tatt.
– Etablering og drift av oppdrettsanlegget vil virke inn på miljø, landskap og verdsarv. Vi fryktar skadelege langtidseffektar på Storfjorden, seier direktør Linda Aaram hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
10.02.2022
Statsforvaltaren har dei siste åra presentert viktige styringssignal og oppdrag frå nasjonale myndigheiter ved å sende ut eit forventningsbrev til kommunane. Forventningsbrevet for 2022 finn du her.
08.02.2022
Året 2021 var for dei aller fleste eit avlingsår utan veldig store utfordringar. Store lokale variasjonar utover sommaren ga likevel store forskjellar i avling.
04.02.2022
I Møre og Romsdal står vi midt i eit Klimasnu. Kva meiner vi med det? Kva for grep kan kommunane ta for å få ned klimagassutslepp? Kva er samanhengen mellom gründerverksemd og klimaomstilling? Kvifor skal vi ta spesielt vare på jord, myr og skog? Og kan kommunane vere med å bidra til gjenbruk?
01.02.2022
Det kan fellast inntil fem gauper i forvaltningsområdet for gaupe i Møre og Romsdal når jakta startar 1. februar. I resten av fylket er det kvotefri jakt.
28.01.2022
Det er potensiale for auka økologisk produksjon av grønsaker, frukt, bær og korn i fylket, viser rapport frå Ruralis. Det er også mogelegheiter for auka husdyrproduksjon basert på grovfôr.
I vegprosjektet E39 Lønset – Hjelset, skal matjorda som ligg i traséen flyttast og dyrkast opp til nytt landbruksareal.
27.01.2022