Klimaendringane er her. Det er viktig å redusere klimagassutsleppa i kommunane, samstundes som ein arbeider aktivt med klimatilpasning. Fylkesmannen oppmodar alle kommunar om å søkje klimasatsmidlar. Fristen er 15. februar 2020.
03.12.2019
Perioden for lisensjakt på ulv er endra og startar i år 1. desember, og varer fram til og med 31. mai 2020.
27.11.2019
Fleire drap på Vestlandet det siste året er utførte av personar som har vore psykotiske. Tilsynsmyndigheita undersøker og følgjer opp drapa i Haugesund og Florø, på litt ulike måtar.
Framlegget til ei ny tvangsavgrensingslov er for omfattande, komplisert og fragmentert. Det blir utfordrande for fagfolk å bruke lova, og dermed problematisk med omsyn til rettstryggleiken.
25.11.2019
Fagfolk må tørre å vurdere moglegheita for omsorgssvikt og overgrep, og det er viktig å følgje opp det enkelte barn og familie.
22.11.2019
Det nyvalde formannskapet i Gulen oppfyller ikkje reglane om kjønnsrepresentasjon i kommunelova. Fylkesmannen har oppheva valet som ulovleg. Kommunen må halde nytt val.
20.11.2019
Fylkesmannen i Vestland startar tilsyn med kommunehelsetenesta i Flora og Helse Førde.
19.11.2019
Gjennomsnittstala for Hordaland og Sogn og Fjordane fylke er positive og stabile over tid. Men går vi bak tala og ser på resultata til jenter og gutar, er det nokre interessante skilnader.
18.11.2019
Kartlegging av naturmangfald i sjø er ei mangelvare. Dersom du veit om sårbare artar eller spesiell natur i sjøen, vil vi gjerne at du melder det inn til oss.
15.11.2019
Vi har gitt høyringsfråsegn til dei foreslåtte endringane i barnehagelova som gjeld regulering av barnehagemiljø og internkontroll.
14.11.2019