Jordbruksforvaltning

Aktuelt stoff og saksbehandling til kommunal forvaltning innen jordbruk, jordvern, kart, eiendom og arealforvaltning.


Publisert 12.08.2021

Betre enn frykta på jordbruksareala

Satsinga «Areal ute av drift» syner at meir areal er i drift enn først avdekt. Telemark og Vestfold har om lag 4 % jordbruksareal. Det er lite samanlikna med det totale landarealet i fylket, det er i tillegg store skilnadar innad i fylket med variasjonar frå fjell til kyst. Jordbruksarealet er såleis ein svært avgrensa ressurs og ikkje fornybar.


Publisert 02.07.2021

Høyring - Endring i produksjonstilskotsforskrifta og avløysartilskot i jordbruket

Landbruks- og matdepartementet har sendt endringar i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket på høyring. For å bidra til betre oppfølging og forvaltning av miljøkrava i forskrifta, foreslår departementet endringar i § 4 tredje og fjerde ledd om tilskot for ivaretakelse av kulturlandskap og etablering av vegetasjonssoner mot vassdrag.


Publisert 02.07.2021

Kontroll av føretak som melder om produksjonssvikt

Kontroll av føretak som melder om produksjonssvikt pga. klima eller mangel på arbeidskraft er kommunen sitt ansvar. Kommunen skal ifølgje regelverket kontrollera alle føretak som melder om produksjonssvikt pga. mangel på arbeidskraft og 10 % av dei som melder om produksjonssvikt av klimaårsaker. Om kommunen gjer avtale med nokon hos NLR, må kommunen dekka jobben NLR gjer økonomisk. NLR har elles ikkje noko ansvar for kontroll i desse sakene. 


Publisert 30.06.2021

Nyheiter om RMP

Denne veka er det publisert ei nyheitssak om RMP. Sjå her.


Publisert 30.06.2021

Høyring forslag om endring av forskrift til regionale miljøtiltak i jordbruket

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har i dag send på høyring eit forslag om endring av forskrift 14. mai 2019 nr. 621 om tilskot til regionale miljøtiltak i jordbruket, Vestfold og Telemark. Høyringsfristen er 16. august. Sjå vedlegg. 


Publisert 25.06.2021

Oppdaterte tal for nedbygging av jordbruksareal i fylket i 2020

Den ferske statistikken er presentert gjennom KOSTRA, dei førebelse tala frå mars vart stadfesta 15. juni som endelege tal for året 2020. Trenden er stabil, men tala uroar likevel innanfor fleire av kommunane.


Publisert 25.06.2021

Oppdateringar og endringar i Agros

Vedlagt er ei oversyn over endringar i Agros, og link til opptak frå Teamsmøtet om nyheitene i Agros for sjukdomsavløysing. 


Publisert 23.06.2021

Informasjon om regelverket om nydyrking av myr

Landbruksdirektoratet ønsker å gjera tydeleg reglane rundt nydyrking av myr, jf. vedtak fatta av Stortinget.


Publisert 18.06.2021

Oppdatert rundskriv for RMP

Vi har fått følgjande informasjon frå Landbruksdirektoratet om rundskrivet for RMP:


Publisert 18.06.2021

Kontroll på staden når det er fare for produksjonssvikt

Dyrkarar som frykter svikt i plante- eller honningproduksjonen, skal melde frå til kommunen med det same. Kommunen må fylgje opp med journalføring og kontroll på staden.