Jordbruksforvaltning

Aktuelt stoff og saksbehandling til kommunal forvaltning innen jordbruk, jordvern, kart, eiendom og arealforvaltning.


Publisert 21.12.2021

Fristar forvaltning RMP-tilskot

Kommunane si frist for godkjenning er 31. januar og attestering 18. februar.

Alle søknader bør vera behandla innan 31. januar for å ha eit sikkert grunnlag når vi fastset satsane.

Søknader kan endrast mellom 31. januar og 18. februar (godkjenning på nytt og attesterast).


Publisert 17.12.2021

Fleire utvalde kulturlandskap i fylket

Vi gratulerer Kaupang i Larvik kommune som nå har blitt plukka ut blant dei særmerka kulturlandskapa i landet.


Publisert 16.12.2021

Frist for førebels godkjenning av søknadar om produksjons- og avløysartilskot

23. desember er frist for å registrere søknadar om produksjons- og avløysartilskot som ‘Foreløpig godkjent’/’Avslått’/’Avvist’. Sett under eitt, ligg kommunane i Vestfold og Telemark godt an. Heile 2 259 søknadar står no som ‘Førebels godkjent’, 188 ‘Under behandling’ og berre 111 står som ‘Mottatt’


Publisert 16.12.2021

Produksjons- og avløysartilskot i jordbruket – ny utgåve av sakshandsamarrundskrivet

Det har no kome ny utgåve sakshandsamarrundskrivet (Rundskriv 2021-6). Dette kjem i tillegg til det nye kommentarrundskrivet (Rundskriv 2021-47), som vart omtalt førre veke.


Publisert 16.12.2021

Gardskart aktuelt – 5. utgåve

Årets 5. utgåve av Gardskart aktuelt er lagt ut på  Nibio sine nettsider der ein kan lese om:


Publisert 16.12.2021

Periodisk ajourhold av AR5

I 2022 er det planlagt periodisk ajourhold av AR5 gjennom geovekstprosjekta i desse kommunane: Drangedal, Nome, Skien Siljan, Larvik og Tønsberg. I området Telemark og Agder vart det køyrt omløpsfotografering i 2021, og det er planlagt omløpsfotografering i 2022 for områda Vestfold og Grenland/Kragerø. 


Publisert 16.12.2021

Fire nye avgjerder frå Landbruksdirektoratet – jordlova og konsesjonslova

Ei sak gjaldt klage på omgjering av løyve til nydyrking, ei sak gjaldt avslag på konsesjon til AS, ei sak gjaldt konsesjon ved erverv av ubygd skogeigedom og ei sak gjaldt konsesjon ved erverv som tilleggsjord.


Publisert 10.12.2021

Pause i utbetalingar via ELF

I perioden frå og med 16.12.2021 til og med 02.01.2022 vil det ikkje vere mogleg for Statsforvaltaren å godkjenne utbetalingar i ELF. Me kan og bør likevel halde fram å handsame saker.


Publisert 10.12.2021

Endeleg godkjenning av produksjonstilskot og RMP-tilskot

15 kommunar har enno ikkje meldt inn kven som skal foreta endeleg godkjenning av RMP-tilskotet, og 1 kommune har enno ikkje på plass godkjennar for produksjonstilskotet.


Publisert 09.12.2021

Endring i trekk for seint innsendt søknad om RMP-tilskot

Sjå e-post frå Landbruksdirektoratet: