Skogbruk


Publisert 12.10.2020, Sist endret 20.07.2021

Tema: Skogbruksplan med miljøregistrering i skog

Skogbruksplanen med miljøregistreringar i skog (MiS) er skogeigaren sitt verktøy for å gjere gode prioriteringar i skogen. Planen gir informasjon om skogressursane og miljøverdiane på eigedommen. 


Publisert 18.09.2020

Framleis tilskot til skogsdrifter med høge driftskostnadar

Det er framleis gode moglegheiter til å få tilskot til heilmekaniserte drifter med høge driftskostnadar og ekstra tilskot til taubanedrifter. Furu- og lauvdrifter med påfølgande treslagsskifte er blant aktuelle og prioriterte tiltak i Rogaland.


Publisert 27.08.2020

Nettdialog SKOG nr.4 - ekstraordinært driftstilskot for skogbruket og grunnsøknadar i ØKS

Det er bevilga 50 millioner kroner i ei ekstraordinær tiltakspakke for skogbruket der føremålet er å oppretthalde hogstaktiviteten gjennom tilskot til heilmekaniserte skogsdrifter. I dette nettmøtet blir det ein gjennomgong av prosedyren for å legge inn søknadar og betale ut tilskot i ØKS. Nettmøtet er i regi av Fylkesmannen i Vestland.


Publisert 27.08.2020, Sist endret 20.07.2021

Tema: Tilskotsordningar i skogbruket

Føremålet med tilskotsordningane i skogbruket er å stimulere til eit aktivt og berekraftig skogbruk og auka verdiskaping gjennom langsiktige investeringar. Ordningane skal også bidra til at miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne blir ivareteke.


Publisert 21.08.2020, Sist endret 20.07.2021

Tema: Skogfond med skattefordel

Skogfondet skal gi skogeigaren eit betre grunnlag for langsiktig investeringar, samt sikra viktige miljøverdiar på eigedomen.


Publisert 19.08.2020

Webinar - tilskot til skogsvegar og vegbanken

27. august inviterar Fylkesmannen den kommunale skogforvaltinga til webinar med tema forvaltning av tilskot til skogsvegar og bruk av vegbanken.


Publisert 15.07.2020, Sist endret 20.07.2021

Tema: Skogsveg

For å utnytte skogressursane er det naudsynt å ha gode skogsbilvegar, og vegane er avgjerande for å driva eit konkurransedyktig skogbruk. Gode og framtidsretta vegløysingar uavhengig av eigedomsgrenser er sentralt for optimal utnytting av skogareala.


Publisert 14.07.2020

Blir det felles skog- og viltforvaltning i Sør-Rogaland?

Skogen i Rogaland er ein viktig ressurs, både økonomisk og klimamessig. No ser kommunane i Sør-Rogaland på moglegheita for å samarbeide om skog- og viltforvaltninga for å sikre at potensialet i skogressursen blir fullt utnytta gjennom grøn verdiskaping.


Planting av skog på nye areal som klimatiltak

Rogaland var i frå 2015 til 2018 eitt av tre fylke som var med på pilotfasen i prosjektet «Planting av skog på nye areal som klimatiltak». Satsinga var eit resultat av Stortinget sitt klimaforlik i 2012.


Publisert 02.07.2020, Sist endret 20.07.2021

Tema: Ungskogpleie

Ungskogpleie er å gjere tiltak i eit ungt plantefelt for å sikre best mogleg vekstforhald for framtidstrea; dei trea som ut frå treslag og kvalitet gir størst mogleg verdi for skogeigar.


Skogbruk i Rogaland

Statsforvaltaren i Rogaland gir rettleiing og assistanse til kommunane på område som vegplanlegging, bioenergi, skogskjøtsel og miljøspørsmål. Andre arbeidsområde er koordinering av skogbruksplanlegginga i fylket, forvaltning av skogavgiftsordninga, tilskotsforvaltning og kontrolloppgåver.
 
To viktig mål er å medverke til at me har ein infrastruktur som sikrar ein effektiv og lønnsam hogst samtidig som ein omsyn til miljøet, og at skogen blir tilfredsstillande forynga etter hogst. Me er også ein pådrivar for auka bruk av trevirke som bygningsmateriale og til produksjon av bioenergi.