Skogbruk


Publisert 13.01.2017

Kurs i nye reglar for skatt og tømmerkonto i skogbruket

16. februar blir det kurs i Haugesund om nye reglar for skattlegging i skogbruket. Kurset er retta mot rekneskapsførarar, skogbruksleiarar og tilsette innan skogforvaltinga.


Publisert 10.01.2017

Storstilt opning av Søndenåneset tømmerkai

Søndenåneset tømmerkai er utvida til å kunne ta imot store båtar. Stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal fekk, saman med Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal og Suldal-ordførar Gerd Helen Bø, æra av å foreta den offisielle snorkappinga - på grøn løpar og med ein 100 år gamal øks.


Publisert 06.12.2016

Velkommen til opning av Søndenåneset tømmerkai

6. januar opnar Søndenåneset tømmerkai i Vindafjord med brask og bram, og du er invitert! Stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal (KrF) og ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) er blant dei som deltar på opninga.


Publisert 02.12.2016

Nasjonal strategi for bioøkonomi framhevar skogen sin rolle i klimasamheng

Med overskrifta «Kjente ressurser – uante muligheter» la regjeringa fram sin strategi for bioøkonomi, som viser mogelegheitene innan dei fornybare ressursane i Noreg. Strategien skal gi overordna og langsiktige føringar for ein nasjonal innsats på området.


Publisert 15.11.2016

Gode vegløysinger gir nøgde skogeigarar

Nyleg arrangerte Fylkesmannen m.fl.  skogdag i Eigersund med nytte og lønnsemd av skogsbilvegar som tema. I eit intervju med Kystskogbruket kan du lese meir om vegen som blei besøkt, og kvifor gode vegløysinger kan være viktig å tenke på før ein planlagd hogst.


Publisert 17.10.2016

Inviterer kvinnelege skogeigarar til samling i november

Kvinner i Skogbruket har starta nytt fylkeslag i Rogaland, og ønsker å bidra til at kvinnelege skogeigarar skal lære meir om eigen skog. Laget inviterer til lokalsamling på Preikestolen Fjellstue 19. og 20. november.


Publisert 11.08.2016

Seminar: Arealbruk i ei grøn framtid

Skogselskapet i Rogaland ønskjer i samarbeid med Fylkesmannen i Rogaland og Gjesdal kommune velkomen til seminar og årsmøte 14. -15. september i Gjesdal kommune. Tema i år er «Arealbruk i ei grøn framtid».


Publisert 30.06.2016

Siste kontordag på Statens Hus for Skogselskapet og 4H Rogaland

4H Rogaland og Skogselskapet har hatt sin siste kontordag på Statens Hus. No ventar nye kontorlokale i Perdersgata 32 c i Stavanger sentrum. Fylkesmannen si landbruksavdeling takkar for over 60 år som sambuarar.


Publisert 27.06.2016

Satsing på bruk av tre i nye landbruksbygg i Rogaland

Mange gardbrukarar planlegg ny- eller ombygging av husdyrfjøsa sine i åra framover. Stadig fleire vel å bygge i tre, og no satsar lokale sagbruk i Rogaland på å utvikle gode løysingar for landbruksbygg.


Publisert 23.06.2016

Skogdag med trebruk som tema

Fylkesmannen, Naturvernforbundet og Skogselskapet i Rogaland arrangerte søndag 19. juni skogdag ved Mosvatnet i Stavanger. Dagen hadde namnet «den utrulege skogen», der både små og store fekk lære meir om skog og bruk av tre.


Skogbruk i Rogaland

Statsforvaltaren i Rogaland gir rettleiing og assistanse til kommunane på område som vegplanlegging, bioenergi, skogskjøtsel og miljøspørsmål. Andre arbeidsområde er koordinering av skogbruksplanlegginga i fylket, forvaltning av skogavgiftsordninga, tilskotsforvaltning og kontrolloppgåver.
 
To viktig mål er å medverke til at me har ein infrastruktur som sikrar ein effektiv og lønnsam hogst samtidig som ein omsyn til miljøet, og at skogen blir tilfredsstillande forynga etter hogst. Me er også ein pådrivar for auka bruk av trevirke som bygningsmateriale og til produksjon av bioenergi.