Om lag 272 landbrukseigedommar i Rogaland vil bli unntatt konsesjonsplikt dersom arealgrensene blir heva frå 25 til 35 dekar. Vidare vil 800 fleire landbrukseigedommar vere fritatt for den lovbestemte buplikta.
11.03.2016
Ordninga med gjerdeklyvarar er frå 2016 supplert med hundportar som kan utplasserast langs turstiar.
10.03.2016
I Sandnes kommune har det dei siste åra blitt bygd fleire flisanlegg for fjern- og nærvarme. 1. mars arrangerte Innovasjon Norge og Fylkesmannen i Rogaland studietur til fleire av disse anlegga.
09.03.2016
Rogaland må setje ei eiga maksgrensa for kor mykje dyrka jord som kan byggjast ned årleg. Det slo fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal fast under landbrukskonferansen 2. mars.
04.03.2016
Rogaland landbruksselskap sin heiderspris for 2015 er tildelt Eirik. K. Hobberstad. Han får prisen for sitt engasjement for utdanning og kompetansebygging i landbruket.
02.03.2016
Landbruks- og matdepartementet har i supplerande tildelingsbrev for 2016 gitt Fylkesmannen i Rogaland i oppgåve å formidle strategisk bruk av bedriftsretta landbruksmidlar. Midlane blir forvalta av Innovasjon Norge, og skal bli brukt til å støtte investeringar i landbruket.
01.03.2016
Fylkesmannen ber kommunane om hjelp til innmelding av juletre til virkesdatabasen. Årsaka er stort avvik mellom det som blir hogd av juletre, og det som faktisk kjem fram i offisiell statistikk.
I ei undersøking har TINE Rådgiving funne ut at mjølkebruka i Rogaland i snitt aukar mjølkekvota med 79 prosent ved utbygging. Da er det forståeleg at bøndene opplever utfordringar med økonomi og styring av garden. TINE Rådgiving svarer med å gi bønder tilgang til betre reiskap til å planleggje og gjennomføre byggeprosessen og opptrapping av produksjonen.
25.02.2016
Beløpsgrensa ved prisvurdering etter konsesjonslova er heva frå 2,5 til 3,5 millionar kroner, og tidlegare brev om å ikkje legge avgjerande vekt på pris ved konsesjonsvurderinga fell bort.
Tysdag 15. mars arrangerer Fylkesmannen studietur for bønder og andre interesserte til to bioenergianlegg på Haugalandet. Vi ser på to ulike typar anlegg: eit vedfyrt gardsanlegg i Tysvær, og eit flisfyrt fjernvarmeanlegg på Karmøy. Desse er begge gode eksempel på bruk av trebasert virke som ei tilleggsnæring for bønder og skogeigarar.
23.02.2016
Tala frå foryngingskontrollen (resultatkontroll) i 2015 er no klare, og dei visar at meir enn halvparten av hogstfelta i Rogaland ikkje blir sett tilbake i optimal skogproduksjon etter hogst.
Stortinget har sett mål om 15 prosent produksjon og forbruk av økologisk mat innan 2020. Riksrevisjonen har nå gjennomført ei undersøking av arbeidet til styresmaktene for å nå måla om økologisk landbruk.