Næringsutvikling
Bli betre til å fortelje historia bak ditt produkt og din gard
Sett av to helger i februar for å lære korleis du kan nytte historiefortelling til å gjere garden og omgivnadene meir attraktive.
Publisert 20.12.2018
Kva retning går landbruket i Rogaland?
Kanskje ligg svaret i Regionalt bygdeutviklingsprogram (RBU)! Programmet blei endeleg behandla i landbrukspartnarskapet den 11. desember og blir nå send til Landbruks- og Matdepartementet til orientering. Dette blir eit viktig strategisk dokument for vidare utvikling av landbruket i Rogaland.
Publisert 19.12.2018
Har du ein god prosjektidé?
Fylkesmannen i Rogaland har fått midlar til utdeling for utgreiings- og tilretteleggingtiltak, UTM. Desse skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket og utvikling av andre landbruksbaserte næringar. Tiltak som gjeld utvikling av økologisk landbruk kan også få tilskot. Ingen søknadsfrist!
Publisert 13.12.2018
Analyserer utviklingstrekk i landbruket
Landbrukspartnarskapet sette kufjøs, hønsehus og miljøtiltak på dagsorden på møtet 11. desember.
Publisert 13.12.2018
Stavanger ysteri med Lise Brunborg og økobonden Kolbjørn Anda til topps!
Lise Brunborg og Kolbjørn Anda er blant dei tre beste i landet i konkurransen om årets bedriftsutviklingspris i landbruket. Tidlegare i haust fekk dei Bygdeutviklingsprisen i Rogaland, og nå er vi spente på om dei vil vinne den nasjonale prisen på 250 000 kr.
Publisert 07.12.2018
Byggeskikkpris til trefjøs i Ulladalen
I Ulladalen i Suldal blei det i sommar sett opp eit nytt fjøs der konstruksjonen er ei blanding av tradisjonsbygg og nyutvikla byggekonsept. No er bygget heidra med byggeskikkprisen i Suldal.
Publisert 03.12.2018
Bøndene vil ha friskare storfe
Alle storfebesetningar i Finnøy kommune skal sjekkast for smitte av virus, og bøndene skal fordjupe seg i smittevern.
Publisert 30.11.2018
44 bønder har selt mjølkekvote i Rogaland
Det er 26 prosent fleire enn i fjor, men salsvolumet utgjer berre 1,6 prosent av totalkvota i fylket.
Publisert 21.11.2018
Ekstra midlar til mjølkefjøs!
Landbruks- og matdepartementet har nå gjort ei omfordeling av midlar til investeringstilskot for 2018. Rogaland får over 5 millionar kroner ekstra.
Publisert 12.11.2018
Høyring av Regionalt bygdeutviklingsprogram
Fylkesmannen legg revidert Regionalt bygdeutviklingsprogram ut på open høyring. Frist for å kome med innspel er måndag 26. november. Programmet gir føringar for mellom anna regionalt miljøtilskot, midlar til investering og støtte til skogbruket i Rogaland.
Kontaktpersoner
Lenker
Regionale kontaktar
Astrid Brommeland
(Suldal)
astrid.brommeland@suldal.kommune.no
Tlf. 52 79 06 19
Mob. 957 48 637