Landbruksforvaltning
Her blir det lagt ut informasjon som er retta mot kommunal landbruksforvaltning.
Heiplansamling – dei kom frå aust og vest med mangt å tala om
Heia i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei har stor verdi for dei nære bygdene. For jordbruk, vasskraft, naturbasert reiseliv, jakt og fiske. Heiane har variert flora og fauna. Verdiane blir forvalta gjennom ein regionplan kalla Heiaplanen. Rogalendinger, hordingar, egdinger og telemarkingar var nyleg samla til Heiplansamling i Bykle for å diskutere forvaltning av områda.
Publisert 22.10.2021
Inngrep i kulturlandskapet og reaksjon i tilskot
Landbruks- og matepartementet har vedteke ei endring i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket § 4. Endringa gir landbruksforvaltninga eit betre verkty til å følga opp saker der det er gjort inngrep som øydelegg kulturlandskapet, eller der kravet om vegetasjonssone mot vassdrag er brote.
Publisert 09.08.2021
Betre oppfølging av miljøkrava i forskrift om produksjonstilskot
Landbruks- og matdepartementet føreslår å endra §4 i forskrift om produksjons- og avløysartilskot. Endringa gjeld mogleigheita for å reagera på negative inngrep i kulturlandskapet og vegetasjonssone langs vassdrag, og vil gjera det lettare for landbruksforvaltninga å handtera trekk i tilskot. Det blir også mogleg med mildare og meir målretta reaksjonar enn dagens regelverk opnar opp for.
Publisert 17.06.2021
Digitalt sal av mjølkekvotar
Den nye digitale løysinga for mjølkekvoteordninga blei lansert 25. mars 2021. No er den digitale løysinga operativ og det kan for fyrste gang gjennomførast ei ordinær salsrunde for mjølkekvotar digitalt.
Publisert 11.06.2021
Treng du nokon å snakka med?
Mange i landbruket opplev store vanskar med å få fatt i nok arbeidskraft i år. Stor usikkerheit og auka stress kan føra til at det blir for mykje for nokon. Norsk landbruksrådgiving, NLR tilbyr støtte til dei som treng nokon å snakka med gjennom si HMS-teneste!
Publisert 06.05.2021
Rogaland i Horisont Europa
Regionalt partnarskap i Rogaland, der Statsforvaltaren er med, arrangerer ein regional introduksjon til Horisont Europa i Rogaland den 27. mai 2021.
Publisert 05.05.2021
Vil du bli ein endå betre utviklar og samfunnsplanleggar?
Då kan Samplan vere noko for deg. Samplan er eit tverrfagleg praktisk studie i planlegging for samfunnsutvikling. Samplan er egna for deg som arbeidar med utvikling og planarbeid, eller for deg som er folkevald.
Publisert 22.04.2021
Dagfinn Svadberg Hatløy tilbake på landbruksavdelinga
Dagfinn Svadberg Hatløy er tilbake på landbruksavdelinga etter fire år som forbundsleiar for Naturviterne. Nå tek han fatt på miljøutfordringane i landbruket, og skal mellom anna arbeide med Utvalde kulturlandskap, nydyrking, SMIL, Regionalt miljøprogram og vassforvaltning.
Publisert 11.02.2021
Kommunar og vaktdistrikt kan søkje stimuleringstilskot for å sikre veterinærtenester
Tilskotet skal bidra til å sikre tilfredstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake område. Frist for å søkje er 19. april.
Publisert 10.02.2021, Sist endret 20.09.2021
Kompetanseplan for landbruksforvaltningen i kommunene
Kompetanseplanen for landbruksforvaltninga i kommunane er klar for hausten 2021.