Landbruksforvaltning
Her blir det lagt ut informasjon som er retta mot kommunal landbruksforvaltning.
Landbrukskonferansen 2016
Hovudtittelen på konferansen er "Landbruk - varig næring og nye moglegheiter". Stikkord for konferansen er bioøkonomi, jordvern og utbygging i Matfylket Rogaland og det grøne skiftet.
Publisert 29.12.2015
Seminar om overvaking av vatn
Korleis skal kommunane gå fram for å halde oppsyn med vasskvaliteten i deira vassdrag? Rogaland fylkeskommune inviterer til seminar om overvaking av vassdrag, 9. februar på Scandic Stavanger city i Stavanger.
Publisert 11.12.2015
Nytt Land og bruk
Går landbruket i Rogaland som det suser? I siste Land og bruk kan du lese landbruksdirektøren sine tankar om temaet. Her kan du også lese om kor mykje "dekk og diesel- landbruket" kostar bonden, og om det går mot Noregs største landbrukskommune på Jæren?
Publisert 22.09.2015
"Land og bruk" nummer 3 - 2015
Fylkesmannen er ute med eit nytt nummer av "Land og bruk". Her kan du mellom anna lese om nytt klimaskogprosjekt, omdisponering av matjord i Rogaland og krav til gjødslingsplan på gardsbruk med ekstensiv drift.
Publisert 09.07.2015
Tilskot til dyr på beite - krav til beitetid
Kaldt og vått ver denne våren og sommaren kan gjere det vanskeleg for enkelte bønder å oppfylle krav til beitetid i beitetilskota. Fylkesmannen kan dispensere frå krava, men tilrår at bøndene venter med å søkje dispensasjon til dei ser korleis hausten blir.
Publisert 07.06.2015
Ny landbruksvegforskrift
Den nye forskrifta, som blir gjeldande frå 1. juli 2015, er enklare og tydelegare enn den gamle. Fleire tiltak kan byggjast utan søknad og løyve frå kommunen. Det er strengare krav til søknaden når det gjeld fare for skade ved flaum, erosjon og skred.
Publisert 07.06.2015
Vinterskadeordninga for eng blir avvikla
Støtteordninga for vinterskade på eng blei avvikla ved jordbruksforhandlingane no i vår. Meir konkret betyr det at 2015 er siste året med statleg støtte til utbetring av klimabetinga vinterskade på eng.
Publisert 19.05.2015
"Land og bruk" nummer 2 - 2015
Her kjem nytt nummer av Land og bruk. Her finn du mellom anna informasjon om SMIL-midlar, tilskot til bygging av gjødsellager, andelslandbruk, kommunereforma, ny forskrift om plantevernmiddel, "gjerdekravet" og miljøplan i ny drakt.
Publisert 28.04.2015
Meir kontroll av foryngingsplikta
Landbruksdirektoratet innskjerpar no ytterlegare kravet til kontroll og oppfølging av foryngingsplikta i skogbruket.
Publisert 27.02.2015
"Land og Bruk" nummer 1 - 2015
Første nummer av Land og Bruk i 2015 har mellom anna oversikt over nyttige arrangement, om SMIL- og RMP-ordningane og om ei satsing på frukt og grønt.