Jordvern

Oppdatert 18.11.2024

Vi trenger dyrket og dyrkbar jord for å sikre matforsyning på lang sikt. Derfor bør vi i størst mulig grad unngå å bygge veier, boliger og industribygg på dyrket mark. Jordvern innebærer å sikre at den beste jorda fortsatt brukes til å dyrke mat, og ikke blir omdisponert til andre formål.

Presset på matjordarealer varierer mye fra region til region, med overskudd av arealer, gjengroing og dårlig vedlikehold i enkelte områder, og underskudd, nedbygging, mangel på arealer til å spre husdyrgjødsel og høye leiepriser i andre områder.

De delene av landet med byer og tettsteder som vokser mest, har også de mest produktive jordbruksområdene. De siste 50 årene er det omdisponert mer enn en million dekar jordbruksareal til andre formål. I arealplanleggingen må utbyggingsbehov, transportsystemer, grønnstruktur, friluftsinteresser, biologisk mangfold og kulturminnevern vurderes samlet. 

Vis mer


Publisert 24.03.2022

Her er beskjeden til kommunane «Ta vare på matjorda»

Landbruks- og matminister Sandra Borch og Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram har ein klar bodskap om jordvern i eit eige brev til kommunane av 23.03.2022.


Publisert 23.03.2022

83 000 dekar jordbruksareal planlagt utbygd i kommuneplanar

I ny rapport frå SSB kjem det fram at det i godkjende kommuneplanar for heile landet er ein samla arealreserve på 589 km2 for bustad- og næringsføremål. Av dette utgjer 83 km2 jordbruksareal – 83 000 dekar.


Publisert 27.01.2022

NIBIO-webinar om kunnskapsgrunnlag for jordvern

Gjekk du glipp av NIBIO sine webinar om jordvern? Du kan du sjå dei i opptak her, og lære meir om korleis du kan nytte NIBIO sitt kart Kilden, databaser og statistikk i arealforvaltninga. 


Publisert 21.01.2022

Innspel til oppstartsvarsel og planprogram for næringsområde på Svertingstad i Time

Statsforvaltaren har gitt uttale til varsel om oppstart av planarbeid og planprogram for næringsområde på Svertingstad som Time kommune har send på høyring. Vår tilbakemelding er at det er positivt at kommunen skal greie ut eit 0-alternativ, det vil seie å sjå på konsekvensane ved ikkje å byggje ut området.


Publisert 21.01.2022

Er du opptatt av jordvern og arealbruk – bli med på laget!

Brenn du for berekraftig arealbruk og levedyktig landbruk, då har vi ei stilling som kanskje interesserer deg? Vi leiter etter ein engasjert person med erfaring frå fagfeltet. Dersom det er noko du ikkje kan frå før, får du gode kollegaer som vil bidra med kunnskap.


Publisert 03.12.2021

Ny E 39 utfordrar nasjonale interesser knytt til natur-, vassdrag og jordvern

Statsforvaltaren har nyleg gitt uttale til høyring av detaljregulering for ny E 39 for delstrekninga Bue-Ålgård. Det planlagde veganlegget legg beslag på store mengder med jordbruksjord også på denne strekninga. Det er derfor positivt at det blir lagt opp til kompenserande tiltak med nydyrking, men dette må ikkje komme i vesentleg konflikt med naturverdiane.


Publisert 26.11.2021

Kommunal- og distriktsministaren svarer om frådeling av gardshus

Statsforvaltaren i Rogaland har ved fleire tilhøve klaga på vedtak gjort av kommunane i fylket når det er gitt dispensasjon til frådeling av gardshus. Statsforvaltaren får ofte medhald i klagen frå settestatsforvaltaren. I to sakar frå Rogaland har kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) gjort om settestatsforvaltaren sitt vedtak.

Olaug Vervik Bollestad (KrF) stilte i Stortinget spørsmål til kommunal- og distriktsministar Bjørn Arild Gram 29.10.2021 om desse avgjerdene er å rekne som prinsipielle. Gram svarte Bollestad den 04.11.2021.


Publisert 15.11.2021

Veileder for arealstrategi og kommunalt jordvernmål

Rogaland fylkeskommune har utarbeidet en ny veileder til Regionalplan for Jæren og Søre Ryfylke. Veilederen tar for seg utarbeidelse av arealstrategi steg for steg, og viser hvordan kommunene kan sette kommunalt jordvernmål.


Publisert 05.11.2021

Skjerpa jordvern inneber også strengare krav om effektiv arealutnytting

Dersom vi skal innfri skjerpa nasjonale og regionale jordvernmål er god arealutnytting viktig, dette for å unngå press på nedbygging av nye landbruksareal. Statsforvaltaren gav nyleg Klepp kommune råd om å planlegge for høgare bustadtettleik i samband med høyring av Detaljregulering for Orstad landsby.    


Publisert 02.11.2021

Webinar om jordvern – Om kart og kunnskapsgrunnlaget for jordvern i arealforvaltninga

Vil du lære meir om jord, jordvern og kartverktøy til bruk i arealforvaltninga? NIBIO inviterer i samarbeid med Statsforvaltarane i Agder og Rogaland, til webinar om temaet. Webinaret er todelt og blir heldt den 11. og 18. november.