Presse

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal legg vekt på å vere open, tydeleg og tilgjengeleg i vår kommunikasjon med media. 

Publisert 20.10.2020, Sist endret 31.12.2020

Kommunikasjonsrådgivarane arbeider tett opp mot leiinga og fagavdelingane. Journalistar får hjelp til å finne rett person å snakke med for bakgrunnsinformasjon, saksopplysningar og intervju. 

Ved større arrangement som kongelege besøk og statsbesøk, m.m. legg vi spesielt tilrette for pressa.

Embetet følgjer prinsippa i Statens kommunikasjonspolitikk.

Statsforvaltaren legg ofte ut nyheiter på nettsida vår, og sender også ut pressemeldingar.  

Abonner på nyheiter her!


Publisert 01.07.2016

Pressemelding i høve kommunereforma pr. 1. juli 2016

I dag er det 1. juli 2016, og fung. fylkesmann Rigmor Brøste kan informere om at alle 36 kommunane i Møre og Romsdal har gjort endeleg vedtak i kommunereforma innan fristen.


Publisert 03.06.2016

Statsborgarseremoni 4. juni

Laurdag 4. juni vert det statsborgarseremoni for 173 nye statsborgarar i Bjørnsonssalen ved Hotell Scandic Seilet.


Publisert 11.05.2016

Offentleg program for H.K.H. Kronprins Haakon sitt besøk i Rauma 12. -13. mai 2016

Kronprinsen opnar Norsk Tindesenter 13. mai. Den 12. mai besøker kronprinsen bedrifta Aak Safety.


Publisert 04.05.2016

Pressemelding i anledning H.K.H. Kronprins Haakon sitt besøk i Rauma 12. og 13. mai 2016

12. og 13. mai 2016, vil H.K.H. Kronprins Haakon besøke Åndalsnes i samband med opninga av Norsk Tindesenter.


Publisert 29.04.2016

Pressemelding om nytt inntektssystem

KMD har rekna ut førebelse endringar i inntektssystemet på kommunenivå.


Publisert 26.04.2016

Presseinvitasjon: Markering av forsterka ekom i Sandøy kommune

Tirsdag 3. mai 2016 vil Fylkesmannen i Møre og Romsdal i samarbeid med Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom), gjennomføre ei markering av at Sandøy kommune no er utstyrt med «forsterka ekom».


Publisert 18.04.2016

Offentlig program for Kronprinsparet sitt besøk i Ålesund 21. april

HKH Kronprins Haakon og HKH Kronprinsesse Mette-Marit besøker Ålesund 21. april 2016. Dei vil delta på opninga av "Marine Protein & Peptides in functional nutrition Symposium", besøke trålaren Molnes og bedrifta Epax/FMC.


Publisert 01.04.2016

Akkreditering til H.K.H. Kronprins Haakon og H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit sitt besøk i Ålesund 21. april

H.K.H. Kronprins Haakon og H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit vil vere til stades ved opninga av "Marine proteins and peptides Symposium 2016", 21. april i Ålesund.

Presse som ønskjer å dekke Kronprinsparets besøk på symposiet, må be om akkreditering innan 18. april kl. 14:00, ved å fyllet ut skjemaet under.


Publisert 13.02.2016

Pressemelding

H.K.H. Kronprins Haakon besøker Møre og Romsdal i april og mai, der han vil være til stede på opningane av:

  • «Marine proteins and peptides Symposium 2016» 21. april i Ålesund.
  • Norsk Tindesenter, 13. mai i Rauma

 Offentleg program for hendingane vert lagt ut når det vert klart.


Publisert 30.01.2016

Pressemelding

Fylkesmannen rosar beredskapsarbeidet i kommunane