Mowi avd Nordheim søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø for etablering av stabiliserande motfylling ved anlegget sitt i Aure.
05.02.2025
Det kan fellast inntil fire gauper i forvaltningsområdet for gaupe i Møre og Romsdal når jakta startar 1. februar.
Forvaltningsområdet i Møre og Romsdal: 4 gauper (hvorav maks 2 voksne hunndyr) • Delområde A: Tingvoll og den delen av Sunndal som er nord for Driva: 4• Delområde B: Øvrige deler av forvaltningsområdet i Møre og Romsdal: ingen startkvote
31.01.2025
Vi kan ikkje miste meir natur. Vi må snu frå «bruk-og-kast» til reparasjon og ombruk. Framsynt politikk, innovasjon i næring og påtrykk frå forbrukarar er nøkkelen for å få det til.
Laksefisket i Møre og Romsdal i 2024 vart som venta rekordlågt med 5,8 tonn laks fiska i elvene, og 1,1 tonn laks i sjøen. Til samanlikning vart det fiska heile 170 tonn laks samla i sjø og elv i fylket i 1983.
23.01.2025
Verksemda søkjer om løyve etter forureiningslova til mottak ved Koppen, gnr. 21 bnr. 2.
15.01.2025
Forureina snø skal ikkje dumpast i elver, vatn eller sjø, men samlast i snødeponi der ein kan hindre at forureining blir spreidd i naturen.
15.01.2025, Endret 15.01.2025
Biolast AS søkjer om løyve etter forureiningslova til årleg mottak og sortering av inntil 25 000 tonn matavfall ved Vest Bio-park i Volda kommune.
13.01.2025
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har i 2024 avdekt fleire avvik hos betongaktørar i fylket. Fleire har ikkje kjennskap og kontroll på eige utslepp til vatn og luft.
08.01.2025
Regjeringa verna i dag tre område i Møre og Romsdal som naturreservat. Vernet er viktig for å ivareta artar, naturtypar, intakt natur og karbonlagring for framtidige generasjonar.
20.12.2024
Kommunar over heile landet har no ein gyllen moglegheit til å få finansiering for viktige klima- og naturtiltak. Miljødirektoratet har lansert fleire tilskotsordningar som kan hjelpe kommunane med å redusere klimagassutslepp, bevare naturmangfaldet og tilpasse seg klimaendringar.
17.12.2024