Jordvern og landbrukseigedom
God planlegging og arealforvaltning er ein føresetnad for god samfunnsutvikling. Som fagmynde innanfor landbruk skal statsforvaltaren sørge for at jordvern og landbrukseigedom blir ivareteke i kommunal arealforvaltning.
Statsforvaltaren skal også sikre at kommunale vedtak er i samsvar med gjeldande lovverk, både som klageinstans og overordna organ.
Kommunane tek avgjerder for korleis areala skal brukast innanfor rammene av nasjonal politikk. Når kommunane fattar vedtak, som etter statsforvaltaren sitt syn går utanfor desse rammene, har Statsforvaltaren myndigheit til klage på dispensasjonsvedtak, fremje motsegn til kommuneplanar og reguleringsplanar, og omgjere vedtak etter jordlova og konsesjonslova.
Landbruket si forventing til kommunale planprosessar
Fylkesmannen si landbruksavdeling har utarbeidd to skriv som omhandlar Fylkesmannen si forventning til kommunale planprosessar; oppstart kommuneplan samfunnsdel og arealdel.
Publisert 30.01.2018
Hjelpeskjema KOSTRA landbruk for rapporteringsåret 2018
For å lette kommunane sitt arbeid med rapportering gjennom KOSTRA, har Landbruksdirektoratet også i år utarbeida eit hjelpeskjema til bruk for løpande føring av handsama saker etter jordlov og konsesjonslov, og kva som vart utfallet av desse sakene. Hjelpeskjemaet omfattar også fane for omdisponert areal frå reguleringsplanar etter plan- og bygningsloven.
Publisert 19.01.2018
Settefylkesmannen negativ til fritidsbustad i landbruksområde
I si klagehandsaming presiserer settefylkesmannen at jordvern skal vektleggast meir enn før i dispensasjonssaker jfr. endring av pbl. § 19-2. Dei skriv også at kommunen må grunngje sine vedtak betre og i tråd med vilkåra i plan- og bygningslova.
Publisert 11.10.2017
Nytt arealbarometer for Møre og Romsdal
Så mykje som 92 prosent av verdiskapinga i jordbruket i Møre og Romsdal kjem frå mjølk, storfe, sau og geit. Nesten alt jordbruksareal i fylket er i bruk til gras. Det viser arealbarometeret til Norsk institutt for bioøkonomi.
Publisert 02.07.2017
Gledeleg nedgang i tap av matjord i 2016 – men likevel skår i gleda
KOSTRA-tal som SSB nylig presenterte, viser at Møre og Romsdal har hatt ein gledeleg nedgang i tap av matjord, frå 403 daa i 2015 til 253 daa i 2016. Dette er ikkje langt unna jordvernmålet på 200 daa som fylkestinget har vedteke gjennom Landbruksmeldinga for Møre og Romsdal 2017-2021.
Publisert 22.06.2017
Blindheim Samdrift Da – årets bedrift 2016 i Giske
Prisen for Årets Bedrift i Giske kommune 2016 er tildelt Blindheim Samdrift DA – eit felles landbrukssamvirke på Vigra, som har vist god utvikling over mange år. Dette skriv kommunen på sine nettsidesider.
Publisert 01.06.2017
Kommuneplan Giske – høve til forbetringar for landbruket
Fylkesmannen er godt nøgd med at Giske kommune har teke nasjonale retningsliner og oppgåva som den viktigaste jordvernmyndigheita på alvor. Dette synes gjennom utarbeiding av kjerneområde landbruk og etablering av omsynssone landbruk i plankartet, og at kommunen i stor grad har halde seg til utviding av eksisterande bustadområde. Likevel finn Fylkesmannen grunn til å fremje 6 motsegner på vegne av landbruksinteressene.
Publisert 18.04.2017
Jordmassar – frå problem til ressurs
Region Nordhordland har laga ein rettleiar der det er samla råd om korleis kommunane ved god sakshandsaming kan legge til rette for at jord vert brukt som ein ressurs for landbruk og samfunn. Eit av råda i rettleiaren er at den beste måten å vere i forkant på er å tenke massehandtering i planarbeidet.
Publisert 07.04.2017
Averøy kommune – kandidat nr. 1 til nasjonal jordvernpris
Eitt av tiltaka i nasjonal jordvernstrategi var å etablere ein nasjonal jordvernpris, noko som skal bidra til å auka merksemda om jordvern. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått i oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet til å føreslå kandidatar frå Møre og Romsdal. Etter ei samla vurdering har Fylkesmannen foreslått Averøy kommune som kandidat nr. 1 og Tingvoll kommune som nr. 2.
Publisert 05.01.2017
Hjelpeskjema for innrapportering til KOSTRA – omdisponering av landbruksareal
Her får kommunane førsteklasses hjelp til arbeidet med å halde oversikt over omdisponering av landbruksareal. Bruk hjelpemiddelet etter kvart gjennom heile året, så vil oppsummeringa ved slutten av året og rapporteringa til KOSTRA bli ein leik.