Regionale miljøtilskot (RMP)
Miljøvirkemidla i regionale miljøtilskot i jordbruket skal møte viktige miljøutfordringar i fylka med lokalt tilpassa virkemidlar. Sida er under kontinuerleg oppdatering for gjeldande søknadsomgang 2024.
PÅGRUNN AV TEKNISKE PROBLEM ER SØKNADSFRISTEN UTSETT TIL 18.OKTOBER
Fastsetting og forvaltning av regionalt miljøprogram
Regionalt miljøprogram for Møre og Romsdal blir fastsett av Statforvaltaren i Møre og Romsdal i samråd med næringsorganisasjonane, og innanfor rammene gitt i det nasjonale miljøprogrammet. Gjeldande program er for perioden 2023 - 2026.
Alle føretak som har rett til produksjonstilskot, kan også søkje om regionale miljøtilskot. Kommunen tek i mot, behandlar og avgjer søknader om tilskot, og svarar på spørsmål om konkrete saker.
Søknadsfristar 2024
Søknadsportalen opnar 15. september.
RMP: Søknadsfristen er 18.oktober, men det er høve til å gjere endringar fram til og med 29. oktober utan å få trekk.
OBB: Søkndasfristen for beitelag er 15. november.
Utbetaling skjer i mars påfølgjande år.
Tidleg slått farleg for fugleartar
Dersom åkerrikse, vipe eller storspove hekkar i jordbrukslandskapet der du bur, bør du kontakte bonden og kommunen eller fylkesmannen. Viss slåtten blir utsett, bidreg det til å ta vare på artar, som er i tilbakegang, og bonden kan få tilskot for det.
Publisert 01.07.2016
Slå eit slag for slåttemarka
Miljødirektoratet har utarbeidd ei flott brosjyre om slåttemarker. Den inneheld mykje nyttig informasjon om kva det er, kven som bor der, korleis skjøtte desse kulturskattane og kvifor dei er viktige for oss.
Kontaktpersoner
Lenker
Dokumenter
- Informasjon om RMP 1-2024.pdf
- Kart - regionalt prioriterte kulturlandskap i Møre og Romsdal.pdf
- Rettleiingshefte - Korleis søkje RMP - steg for steg.pdf
- Rundskriv 2024-1 RMP - Kommentarar til Forskrift om regionale miljøtilskot i jordbruket Møre og Romsdal.pdf
- Papirsøknad - Nynorsk - RMP 2024.pdf
- Papirsøknad - Bokmål - RMP 2024.pdf