Innlevering av verjerekneskap

Oppnemnde verjer skal kvart år levere verjerekneskap til Statsforvaltaren. Årleg kontroll av verjerekneskap er ein sentral del av Statsforvaltaren sitt tilsyn med oppnemnde verjer, for å sikre at verjehavar sine interesser vert ivaretekne av verja på ein god og forsvarleg måte.

Publisert 11.12.2024

Verjerekneskapen består av kontoutskrifter frå alle kontoar som verja har disponert for verjehavar det føregåande året, i tillegg til skjemaet «Fullstendighetserklæring». Dersom ei verje ikkje har vore oppnemnd som verje heile det føregåande året, skal det leverast kontoutskrifter frå den perioden verja har vore oppnemnd.

I verjeoppdrag med ordinær rekneskapsplikt er fristen for levering av rekneskapen 30. april. I verjeoppdrag med utvida rekneskapsplikt er fristen 30. juni. Det er viktig at verjerekneskapen vert levert innan fristen, og at rekneskapen er komplett og utan manglar. Dersom verjerekneskapen ikkje vert levert innan fristen, eller Statsforvaltaren finn avvik ved kontroll av rekneskapen, vil vi vurdere å starte tilsynssak med verja.

Dersom verjerekneskapen gjentakande gonger vert levert for seint, eller Statsforvaltaren finn grove feil ved rekneskapen, vil vi starte tilsynssak med verja. Konsekvensar av tilsyn med verje kan til dømes vere rettleiing eller fråtaking av verjeoppdrag.

Nedanfor er ei oversikt over dei vanlegaste avvika ved levering av verjerekneskap:

  1. Verjerekneskapen vert ikkje levert innan fristen.
  2. Rekneskapen manglar signatur frå verja.
  3. Det manglar opplysningar om konto(ar) og kven som har disposisjonsrett til denne/desse.
  4. Alle spørsmål i Fullstendigheitserklæringa er ikkje svart på.
  5. Det er ikkje levert kontoutskrifter for heile den aktuelle perioden.
  6. Det er sendt inn transaksjonsutskrifter i staden for kontoutskrifter. Transaksjonsutskrifter er ikkje gyldig rekneskapsdokumentasjon.
  7. Det er transaksjonar og/eller kontantuttak frå konto som ikkje er sjølvforklarande eller nærmare kommentert kva beløpa gjeld.
  8. Verja har trekt verjegodtgjering og/eller utgiftsdekning frå verjehavar sin konto utan at verja har søkt Statsforvaltaren om godkjenning til dette. Verja kan ikkje trekkje godtgjering eller utgiftsdekning utan vedtak frå Statsforvaltaren.
  9. Verjegodtgjering og/eller utgiftsdekning er ikkje ført som frådrag i skattemeldinga.
  10. Verjehavar har midlar som overstig 2G (kr 248 056,-) og midlane er ikkje overført til kapitalkonto som Statsforvaltaren skal forvalte.

Dersom du har behov for rettleiing knytt til levering av verjerekneskap eller andre forhold rundt verjeoppdraget, finn du nyttig informasjon på www.vergemal.no.  

Du kan også kontakte oss via «Send sikker melding» frå vår nettside, eller på telefon 5557 2300. Vår telefontid er måndag-onsdag kl. 12.00-14.00.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

sfvlpost@statsforvalteren.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar