Ønskjer du å hjelpe andre?
Vi treng fleire faste verjer i alle kommunane i Vestland fylke, men særleg i områda Sunnhordland og Indre Sogn.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kva er ei fast verje?
Statsforvaltaren oppnemner verjer for personar som av ulike grunnar ikkje kan ta hand om eigne interesser. Som verje hjelper du til dømes med å ta hand om økonomi og representasjon overfor offentlege myndigheiter, for dei som ikkje kan ta hand om dette sjølv.
Ei fast verje er ei verje som er engasjert av Statsforvaltaren for å ta fleire verjeoppdrag. Dersom personen som treng hjelp ikkje har nære pårørande eller andre som kan eller vil ta på seg verjeoppdraget, oppnemner Statsforvaltaren ei av dei faste verjene vi har avtale med.
Vi har bygd opp eit korps av faste verjer, som tek på seg oppdrag over heile fylket. Verjene har ulik utdannings- og yrkesbakgrunn. Nokon er pensjonistar, medan andre kombinerer verjeoppdrag med ordinært arbeid. Arbeidet som verje vert godtgjort etter faste satsar.
Krav for å bli fast verje
Det er ingen formelle krav til utdanning eller yrkeserfaring for å kunne bli fast verje. Det er likevel krav om at ein er personleg eigna, har motivasjon, har gode datakunnskapar og har orden i eigen økonomi. I tillegg må du har moglegheit til å ha minimum fem verjeoppdrag.
Vi gjennomfører samtale med, innhentar politiattest og gjer kredittsjekk av aktuelle søkjarar.
Søknad
Dersom du har lyst til å bli ein del av Statsforvaltaren sitt verjekorps, ber vi om at du sender oss ein søknad med informasjon om din motivasjon for å bli verje, og at du legg ved ei oppdatert CV med oversikt over arbeidserfaring, utdanning, kurs og eventuelle verv.
Lenke til søknadsskjema finn du i høgremargen. Hugs å laste opp CV-en din.
Søknadsfrist er 15. august. Søknader som vert sendt etter 15. august, vil ikkje bli vurderte i denne rekrutteringsrunden.
Aktuelle kandidatar vil bli kontakta for samtale over sommaren.
Dersom du har spørsmål kan du ta kontakt med seniorrådgjevar Tone Fossgard Sandøy.