Pengar til jol for verjehavar
Dersom den du er verje for ønskjer utbetaling frå kapitalkontoen sin til jol, bør du sende oss ein søknad om bruk av kapital så snart som råd.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 29.11.2021
Mange verjehavarar ønskjer å få utbetalt midlar frå kapitalkontoen sin til jol. Av erfaring veit vi at vi får ein auke i tal søknader om Statforvaltaren sitt samtykke til bruk av kapital framover. På grunn av mange søknader, må ein rekne med noko lenger sakshandsamingtid enn vanleg. Vi rår derfor alle verjer til å søke om bruk av kapital så snart som råd, dersom verjehavar ønskjer pengar til jol.
Sikker melding:
Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).
E-post:
For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.
Postadresse verjemålsseksjonen:
Postboks 7310, 5020 Bergen
Telefon:
Direkte til verjemålsseksjonen:
55 57 23 00
Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.
Kontaktpersonar:
Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar