Tilsyn med Hyllestad kommune og rett til individuelt tilrettelagt barnehagetilbod

Dato:
9. januar 2020 - 19. mars 2020
Stad:
Dokumenttilsyn
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Line Sperre
Målgruppe:
Kommunen

Fylkesmannen har som oppgåve å føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit, jf. barnehagelova § 9 første ledd. Når vi gjennomfører tilsynet, skal vi ha tilgang til dokumentasjon.

Publisert 16.01.2020

Tema for tilsynet er:

  • Individuelle tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne, barnehagelova § 19 g – kommunens vedtak.

Det er kommunen som etter § 19 g skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna tilrettelagt barnehagetilbod. Kommunen skal gjere vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet, jf. § 19 g andre ledd.

Tilsynet vil bli gjennomført med ein gjennomgang av innsendt dokumentasjon. Fylkesmannen har høve til å følgje opp dokumenttilsynet med eit stadleg tilsyn dersom det er grunn til det.

 

Dato:
9. januar 2020 - 19. mars 2020
Stad:
Dokumenttilsyn
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Line Sperre
Målgruppe:
Kommunen

Dokument