Tilsyn med Fjell kommune si gjennomføring av nasjonale prøver 2019
- Dato:
- 16. desember 2019 - 15. april 2020
- Stad:
- Dokumenttilsyn
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen v/Karstein Fardal
- Målgruppe:
- Skular i kommunen
Tilsynet gjeld kommunen si gjennomføring av nasjonale prøver hausten 2019 jf. opplæringslova §2-4.
Tema for tilsynet er:
1. Kommunen si gjennomføring av nasjonale prøver, jf. forskrift til opplæringslova § 2-4.
2. Skulen si påmelding av elevane til prøvene
3. Skulen sin fritakspraksis sett i relasjon til lovkrava
4. Skulen sin praksis ved fråvær frå prøvene
5. Skulen og skuleeigar sin praksis for oppfølging av prøvene
Føremålet med tilsynet er å styrka skulen si gjennomføring av dei nasjonale prøvene.
Elevane si deltaking i prøvene er obligatorisk, men med avgrensa høve til å frita elevar frå prøvene. Tilsynet skal medverka til at prøvene vert gjennomførde etter desse føresetnadane, og at eventuelle fritak er i tråd med føringane i regelverket.
Dersom tilsynet avdekkjer lovstridige tilhøve, vil kommunen få pålegg om å rette opp lovstridig praksis og gjera tiltak for å sikra at framtidig praksis er i tråd med regelverket.
- Dato:
- 16. desember 2019 - 15. april 2020
- Stad:
- Dokumenttilsyn
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen v/Karstein Fardal
- Målgruppe:
- Skular i kommunen