Tilskot til psykologar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene for 2019
- Søknadsfrist:
- 10. februar 2019 23:59
- Målgruppe:
- Kommunar
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen og Helsedirektoratet
- Kven kan søke:
- Kommunar
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2020 23:59
Ordninga skal bidra til at alle kommunar har rekruttert psykolog ved innføring av lovkrav om psykologkompetanse i 2020. Målet er å styrke kvalitet og kompetanse i det heilskaplege og tverrfaglege kommunale arbeidet innan psykisk helse og rus, vald- og traumefeltet.
Med atterhald om Stortingets budsjettvedtak vert tilskotet for 2019 kunngjort.
Tilskotsbeløpet er satt til 400 000 kroner per 100 prosent psykologstilling. Kommunar som ikkje tidlegare har fått tilskot til føremålet blir prioritert.
Kommunar som søkjer om å nytte psykologen i rusarbeid, vert og høgt prioritert.
Søknadsfrist er 10. februar 2019. Vi ønskjer at kommunar som søkjer tilskotet, nyttar elektronisk søknadsskjema som de finn her: Søknadsskjema. Det skal fyllast ut eit søknadsskjema for kvar psykologstilling som det vert søkt om tilskot til. Nytt i år er at rapporteringa også er elektronisk og er lagt inn som ein del av søknadsskjema for vidareføring av stillinga, evt som eige skjema dersom stillinga ikkje vert søkt vidareført til 2019. Sjå informasjon om rapportering under.
Regelverk og rettleiing til regelverket finn du under fana "Dokument". Meir om tilskotsordninga finn du på Helsedirektoratet si nettside.
Viktig informasjon til kommunar som fekk tilskot i 2018:
- Frist for rapportering for tilskot motteke i 2018 er 10. februar 2019. Rapporteringsskjema skal gjerast elektronisk og de finn skjemaet ved å følgje lenkja til søknadane.
- Økonomirapportering for 2018 skal gjennomførast i eigenerklæringsskjema, sjå dokument under fana "Dokument". Skjemaet erstattar levering av rekneskap og revisorattest, og sendast til fmhopostmottak@fylkesmannen.no, merka med saksnummer 2017/13202
- Søknadsfrist:
- 10. februar 2019 23:59
- Målgruppe:
- Kommunar
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen og Helsedirektoratet
- Kven kan søke:
- Kommunar
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2020 23:59
Kontaktpersonar
-
Siri Mæland
Tlf: 55 57 22 00