Tilbod til vaksne med langvarige og samansette behov for tenester
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2019
- Målgruppe:
- Vaksne med alvorlege psykiske helseutfordringar og eller rusmiddelproblem, valdsproblematikk og som har langvarige og samansette behov for behandling, rehabilitering, oppfølging og støtte.
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar, statlege føretak (RHF, HF) og kommunar og helseføretak i lag.
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2020
Tilskot frå kapittel 765 post 60 skal bidra til å styrkje tilbodet til personar med langvarige og samansette behov for tenester ved å etablere heilskaplege, samtidige og verksame tenester frå ulike nivå og sektorar.
Nytt i 2019
Den tidlegare tilskotsordninga på kapittel 765 post 60 er delt i to:
- Tilbod til barn og unge med behov for langvarig/samansett oppfølging
- Tilbod til vaksne med langvarige og samansette behov for tenester
Det er eige regelverk for kvar ordning. Helsedirektoratet presiserer at dei likevel skal sjåast i samanheng.
Les regelverket for tilskotsordninga om tilbod til vaksne med langvarig og samansette behov nøye før de fyller ut søknadsskjemaet.
Sjå særleg kapittel 4 med informasjon om prioriterte tiltak, opplysningar om tilskot og overgangsreglar.
Søknadsskjemaet og regelverket for tilskotsordninga som gjeld vaksne med langvarige og samansette behov finn de under fana «Dokument». De kan også lese om tilskotsordninga på nettsida til Helsedirektoratet.
Søknaden med vedlegg skal sendast som e-post til vårt postmottak innan 1. mars 2019. Adressa er: fmvlpost@fylkesmannen.no
Merk søknaden med vår referanse 2019/3356
Rapportering på tilskot 2018
De skal bruke rapporteringsskjemaet som ligg på nettsida til Helsedirektoratet.
Rapporteringsfristen er 1. april 2019. Revisorattestert rekneskap skal sendast innan 1. april 2019.
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2019
- Målgruppe:
- Vaksne med alvorlege psykiske helseutfordringar og eller rusmiddelproblem, valdsproblematikk og som har langvarige og samansette behov for behandling, rehabilitering, oppfølging og støtte.
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar, statlege føretak (RHF, HF) og kommunar og helseføretak i lag.
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2020
Kontaktpersonar
-
Mona Fauskanger
Tlf: 55 57 22 03 -
Siri Mæland
Tlf: 55 57 22 00 -
Rita Hagen Molvær
Tlf: 57 64 31 75