Tilbod til barn og unge med behov for langvarig/samansett oppfølging
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2019
- Målgruppe:
- Barn og unge med psykiske/rusrelaterte problem og lidingar som treng tidleg utgreiing, behandling, oppfølging og støtte, samt dei som lever med høg risiko for å utvikle psykososiale vanskar og deira familiar
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar, statlege føretak (RHF, HF) og kommunar og helseføretak i lag
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2020
Tilskot frå kapittel 765 post 60 skal bidra til å styrkje tilbodet til barn og unge som har behov for langvarig/samansett oppfølging ved å etablere heilskaplege, samtidige og verksame tenester frå ulike nivå og sektorar.
Nytt i 2019
Den tidlegare tilskotsordninga på kapittel 765 post 60 er delt i to:
- Tilbod til barn og unge med behov for langvarig/samansett oppfølging
- Tilbod til vaksne med langvarige og samansette behov for tenester
Det er eige regelverk for kvar ordning. Helsedirektoratet presiserer at dei likevel skal sjåast i samanheng.
Sjå særleg kapittel 4 om tildelingskriterium.
Søknadsskjemaet og regelverket for tilskotsordninga som gjeld barn og unge med behov for langvarig/samansett oppfølging finn de under fana «Dokument». De kan også lese om tilskotsordninga på nettsida til Helsedirektoratet.
Søknaden med vedlegg skal sendast som e-post til vårt postmottak innan 1. mars 2018. Adressa er: fmvlpost@fylkesmannen.no
Merk søknaden med vår referanse 2019/3354
Rapportering på tilskot 2018
De skal bruke rapporteringsskjemaet som ligg på nettsida til Helsedirektoratet.
https://helsedirektoratet.no/tilskudd/tilbud-til-mennesker-med-langvarige-ogeller-sammensatte-tjenestebehov
Rapporteringsfristen er 01.04.19. Revisorattestert rekneskap skal sendast innan 01.04.2019.
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2019
- Målgruppe:
- Barn og unge med psykiske/rusrelaterte problem og lidingar som treng tidleg utgreiing, behandling, oppfølging og støtte, samt dei som lever med høg risiko for å utvikle psykososiale vanskar og deira familiar
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar, statlege føretak (RHF, HF) og kommunar og helseføretak i lag
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2020
Kontaktpersonar
-
Mona Fauskanger
Tlf: 55 57 22 03 -
Siri Mæland
Tlf: 55 57 22 00 -
Rita Hagen Molvær
Tlf: 57 64 31 75