Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 2019
- Søknadsfrist:
- 22. mars 2019 23:59
- Målgruppe:
- Tilsette i helse- og omsorgstenestene og brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen
- Kven kan søke:
- Statlege mottakarar (nettobudsjetterte verksemder), kommunar og fylkeskommunar. Kommunar kan gjerne søke i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, næringsliv, frivillg sektor eller andre aktørar.
- Rapporteringsfrist:
- 22. mars 2020 23:59
Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot er midlar som skal bidra til at kommunane set i verk kompetansehevande tiltak og innovasjon– og utviklingsarbeid ut frå lokale føresetnadar og behov.
Målet for ordninga
Målet er å styrke kommunane sine evner og mogelegheiter til å utvikle berekraftige og gode helse- og omsorgstenester, og gje tydeleg prioritet til nokre av dei viktigaste framtidsutfordringane ut frå lokal føresetnad og behov.
Primærmålgruppe
Leiarar, tilsette og personar som jobbar i helse- og omsorgstenesta, inklusiv psykisk helse og rustenesta. For kompetansetiltak innan psykisk helse og rusfeltet kan tilsette også i andre kommunale etatar vere målgruppe (f.eks. NAV, barnevernsteneste, barnehage og skular).
Sekundærgruppe
Brukarar av kommunale helse- og omsorgstenestar, inklusive psykisk helse- og rustenesta og deira pårørande.
Tildelingskriterier
Skjønsmessig vurdering med utgangspunkt i forventa måloppnåiing.
Sjå meir om ordninga på https://helsedirektoratet.no/tilskudd/kommunalt-kompetanse-og-innovasjonstilskudd
Søknad skal sendast til: fmvlpost@fylkesmannen.no innan 22. mars 2019.
- Søknadsfrist:
- 22. mars 2019 23:59
- Målgruppe:
- Tilsette i helse- og omsorgstenestene og brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen
- Kven kan søke:
- Statlege mottakarar (nettobudsjetterte verksemder), kommunar og fylkeskommunar. Kommunar kan gjerne søke i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, næringsliv, frivillg sektor eller andre aktørar.
- Rapporteringsfrist:
- 22. mars 2020 23:59
Kontaktpersonar
-
Beate Helland
Tlf: 55 57 22 15 -
Anne Eli Wangen
Tlf: 57 64 31 65 -
Siri Mæland
Tlf: 55 57 22 00