Tilskot til generell vassforvaltning
- Søknadsfrist:
- 15. november 2023 23:59
- Målgruppe:
- Vassområdeutval, interkommunale vassprosjekt, kommunar, forskingsinstitusjonar, frivillige organisasjonar og private verksemder
- Ansvarleg:
- Miljødirektoratet
Tilskotsordninga skal medverke til at ein når miljømåla i vassforskrifta.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak som inngår som del av arbeidet med regionale vassforvaltningsplanar med tiltaksprogram vil bli prioritert.
Høgt prioritert:
- Miljøforbetrande tiltak og da særleg restaureringstiltak med formål å betre miljøtilstanden i vatn.
Mindre prioritert:
- Tilrettelegging og organisering.
- Informasjon. rettleiingsmateriell og seminar.
- Utredningar, forskning og utvikling.
Lågt prioritert:
- Problemkartlegging (avdekke påverkar (problemeigar) av vassforekomsten eller effekt av påverknad).
Der det fins ein ansvarleg tiltakshavar, er det i utgangspunktet tiltakshavar sjølv som skal ta kostnaden med å gjennomføre tiltak og undersøkinga etter forureinar-betalar prinsippet. Der det er ein ansvarleg tiltakshaver, blir det ikkje gjeve tilskot etter denne ordninga.
Miljødirektoratet handsamar søknaden innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Rett utfylling i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter oppfyller kravet til innhald i søknaden, og det kan bes om utfyllande opplysninger om det er nødvendig for å handsame søknaden. Sjølv godt kvalifiserte søknadar kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.
Veiledning
Beskriving av tiltaket – max ½ -1 side :
- Namn vassforekomst(ar) som tiltaket gjeld for, med vassforekomstID. Lenke til sted for å finne vassforekomstID: VannNett-Portal (vann-nett.no).
- Opplyse om fase i restaureringsprosjektet: Fase 1. Kartlegging. Fase 2. Planlegging. Fase 3. Starte gjennomføring. Fase 4. Deler av tiltaket er gjennomført.
- Informasjon om tiltaket går fram av vassforvaltningsplan med tiltaksprogram.
- Informasjon om kva for miljøforbedring/effekt tiltaket er forventa å ha. Dette er særs viktig å beskrive.
- Om tiltaket utløyser midlar hos fleire aktørar, eller blir samfinansiert av fleire aktørar.
- Om tiltaket manglar andre finansieringsordningar.
- Tiltaket har overføringsverdi/eksempelverdi.
- Status for eventuelle tillatelsar som tiltaket krever.
- Minstesum 50.000 kr
Søknaden gjeld for det som skal gjennomførast i 2024. Beskriv i tillegg heile prosjektet dersom dette går over fleire år.
Søknaden må sendast inn via Miljødirektoratets søknadssenter.
- Søknadsfrist:
- 15. november 2023 23:59
- Målgruppe:
- Vassområdeutval, interkommunale vassprosjekt, kommunar, forskingsinstitusjonar, frivillige organisasjonar og private verksemder
- Ansvarleg:
- Miljødirektoratet
Kontaktpersonar
Mål for ordninga
Tilskotsordninga skal bidra til å nå miljømåla i vassforskrifta. Overflatevatn skal beskyttast mot forringing, forbetrast og gjenopprettast med sikte på at vassforekomsten skal minst ha god økologisk og god kjemisk tilstand. Tilstanden til vassforekomstane finn du i Vann-Nett. Tilskot blir tildelt for eitt år om gongen.