Regionale miljøtilskot i jordbruket (RMP)
- Søknadsfrist:
- 15. oktober 2022 23:59
- Målgruppe:
- Bønder
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Føretak i jordbruket
Tilskota i Vestland omhandlar hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, skjøtsel av biologisk mangfald og kulturminne, miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel og klimarådgjeving.
Publisert 29.09.2022
Alle føretak som kan søke produksjonstilskot i jordbruket, som har landbruksproduksjon i Vestland og som oppfyller vilkåra som vert stilte i dei ulike tilskotsordningane, kan søke innan 15. oktober.
Søknadane blir handsama av kommunen, og Statsforvaltaren er klageinstans. Tilskotet vert utbetalt frå Landbruksdirektoratet til søkarane 10. mars 2023.
For nærare informasjon og søknadsskjema (elektronisk/papir), sjå temasida for RMP i Vestland: www.statsforvalteren.no/vl/rmp
- Søknadsfrist:
- 15. oktober 2022 23:59
- Målgruppe:
- Bønder
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Føretak i jordbruket