Tilskot til aktivitetstilbod og besøksvert
- Søknadsfrist:
- 31. mars 2021 23:59
- Målgruppe:
- Eldre som har langtidsopphald i sjukeheim og i omsorgsbustad med heildøgns bemanning.
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar, fylkeskommunen
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2022 23:59
Statsforvaltaren i Vestland har fått 17 millionar kroner til fordeling frå tiltakspakka for sårbare eldre. Søknadsfrist er 31. mars 2021.
Målgruppa er eldre som har langtidsopphald i sjukeheim og i omsorgsbustad med heildøgns bemanning.
Målet med tilskot til aktivitetstilbod er å stimulere til innovative tiltak for å oppretthalde aktivitet og sosial kontakt slik at personar i målgruppa får aktive og meiningsfulle kvardagar, gode opplevingar og sosial kontakt med sine næraste.
Målet med tilskot til besøksvert i sjukeheim og omsorgsbustader er at kommunen, eventuelt i lag med frivillige, legg til rette for at besøk blir gjennomført på ein triveleg, god og smittevernsikker måte.
Kven kan få tilskot?
- kommunane
- fylkeskommunane
Kommunen kan søkje midlar aleine eller i samarbeid med privat, ideell og frivillig sektor.
Les meir om tilskotet på heimesida til Helsedirektoratet.
Søknaden
Søknaden skal vere poengtert og kortfatta. Følgjande opplysningar skal gå fram:
- Mål med tilskotet
- Skildring av tiltak som det blir søkt om tilskot til
- Budsjett
I tillegg til skildring av mål, tiltak, framdriftsplan og eventuelle samarbeidspartar, skal søkjar opplyse om talet på brukarar tiltaket er meint for.
Opplysningar om tilskotsmottakar, kontaktperson, adresse, organisasjonsnummer, evt. ressursnummer og bankkontonummer skal gå fram av søknaden. Søknaden skal vere underskriven av rådmannen/ kommunedirektør eller den som har signeringsfullmakt. Det er ikkje utarbeida søknadsskjema.
Les regelverket nøye før de skriv søknaden
Informasjon om tildelingskriterium, kva tiltak det ikkje vert gitt tilskot til, krav til rapportering om måloppnåing, budsjett og rekneskap og rapporteringsfristar m.v., er gjort greie for i regelverket som du kan lese her.
Tildeling av/avslag på tilskot under denne ordninga er ikkje eit enkeltvedtak. Det er ikkje klagerett på avgjerda, jf. forvaltningslova § 28.
Tilskotsordninga er ein del av tiltakspakken for sårbare eldre, jf. statsbudsjettet for 2021og er ei eingongsløyving.
De kan sende søknad digitalt, som e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no eller per brev til Statsforvaltaren i Vestland, 6863 Leikanger.
Rapportering for 2021
Ein kort aktivitetsrapport om bruk av midlar og prosjekt, som er sett i gang per 31. mai 2021, skal sendast til Statsforvaltaren innan 20. juni 2021.
Den endelege rapporten skal sendast innan 1. mars 2022. For meir informasjon om innhald, sjå tildelingsbrev og regelverk.
- Søknadsfrist:
- 31. mars 2021 23:59
- Målgruppe:
- Eldre som har langtidsopphald i sjukeheim og i omsorgsbustad med heildøgns bemanning.
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar, fylkeskommunen
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2022 23:59