Tilbod til vaksne med langvarige og samansette behov for tenester

Søknadsfrist:
12. mars 2021 23:59
Målgruppe:
Vaksne med alvorlege psykiske helseutfordringar og eller rusmiddelproblem, valdsproblematikk og som har langvarige og samansette behov for behandling, rehabilitering, oppfølging og støtte
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Vestland
Kven kan søke:
Kommunar, statlege føretak (RHF, HF) og kommunar og helseføretak i lag
Rapporteringsfrist:
12. mars 2022 23:59

Tilskotet skal bidra til å styrkje tilbodet til personar med langvarige og samansette behov for tenester ved å etablere heilskaplege, samtidige og verksame tenester frå ulike nivå og sektorar.

Publisert 04.02.2021

Søknad om tilskot 2021

Søknadsskjema og regelverk finn de under fana «Dokument».

Les regelverket for tilskotet nøye før de fyller ut søknadsskjemaet. Sjå særleg kapittel 4 med informasjon om prioriterte tiltak, opplysningar om tilskot og overgangsreglar.

Søknadsskjemaet skal sendast som vedlegg i e-post til: sfvlpost@statsforvalteren.no innan 12. mars 2021.

Rapportering på tilskot 2020

Skjema for rapportering finn du under «Dokument». Rapporteringsskjemaet skal sendast som vedlegg i e-post til: sfvlpost@statsforvalteren.no innan 12. mars 2021.

Revisorattestert rekneskap skal sendast innan 31. mars 2021.