Tilskot til tiltak mot framande arter

Søknadsfrist:
15. januar 2021 23:59
Målgruppe:
Regionale og nasjonale frivillige organisasjonar, institusjonar og private verksemder
Ansvarleg:
Fylkesmannen
Kjempebjørnekjekt frå Florida utanfor Bergen.
Kjempebjørnekjekt frå Florida utanfor Bergen. Foto: Sarah Skouen.

Tilskotsordninga skal medverke til å hindre negativ påverknad på naturmangfaldet frå framande, skadelege artar. Målgruppe for ordninga er regionale og nasjonale frivillige organisasjonar, institusjonar og private verksemder. Offentlege aktørar er ikkje i målgruppa for ordninga.

Publisert 18.12.2020

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Tiltak for å nedkjempe framande, skadelege organismar.
  • Informasjon.
  • Kartlegging og overvaking av framande, skadelege organismar.

Ved handsaming av søknader om tilskot blir det lagt vekt på i kor stor grad søknaden støtter opp under gjeldande nasjonale prioriteringar i arbeidet mot framande, skadelege arter. Det vil også bli lagt vekt på i kor stor grad tiltaket medverker til å ta vare på naturmangfaldet.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krav til innhald i søknaden.

Berre éin søkar kan stå som mottakar av tilskotet. Dersom det blir søkt på vegne av samarbeidande organisasjonar må intern fordeling av middel påreknast.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfrist er 15. januar 2020.

Søknadsfrist:
15. januar 2021 23:59
Målgruppe:
Regionale og nasjonale frivillige organisasjonar, institusjonar og private verksemder
Ansvarleg:
Fylkesmannen