Tilskot til dei sosiale tenestene i Nav-kontora for å handtere konsekvensar av Covid-19
- Søknadsfrist:
- 1. september 2020 23:50
- Målgruppe:
- Nav-kontora
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunane
Arbeids- og velferdsdirektoratet har stilt 4 761 590 kroner til rådvelde for tilskot til tiltak ved Nav-kontora i Vestland i samband med Korona-pandemien/Covid-19-sjukdomen. Det er Fylkesmannen som tildeler midlar.
Tilskotet skal støtte omstilling og nye arbeidsmåtar for å handtere eit forventa auka behov for tenester etter sosialtenestelova, som følgje av Korona-pandemien/Covid-19-sjukdomen. Kommunane kan søkje om tilskot til kompetanse- og utviklingstiltak og til ekstra personellressursar.
Direktoratet har sett 1. september 2020 som siste frist for å søkje. I samsvar med reglane for tilskotsordninga vil vi likevel behandle søknadar før 1. september.
Nav-leiar og rådmann/kommunens administrative leiing må signere søknaden.
Søknadar kan sendast til Fylkesmannen i Vestland på organisasjonsnummer: 974760665, eventuelt per e-post til fmvlpost@fylkesmannen.no eller per brevpost til:
Fylkesmannen i Vestland
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
Klikk her for å finne søknadsskjema og meir informasjon om tilskotsordninga.
- Søknadsfrist:
- 1. september 2020 23:50
- Målgruppe:
- Nav-kontora
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunane