Tilskot til smitteverns- og oppfølgingsarbeid for personar med rus- og psykiske helseproblem
- Søknadsfrist:
- 29. juni 2020 23:59
- Målgruppe:
- Personar med rus- og eventuelt samtidige psykiske helseproblem
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen
- Kven kan søke:
- Kommunar i Vestland
Målet med tilskotet er opning, etablering og tilpassing av tenestetilboda til personar med alvorleg psykiske helse- og rusproblematikk innan avvikling av sommarferien. Søknadsfristen er 29. juni 2020.
I mange kommunar er tenestetilbodet til personar med alvorlege psykisk helse- og rusproblematikk framleis redusert som følgje av koronasituasjonen. Fleire lågterskel- og aktivitetstilbod, der mange vanlegvis har fått psykisk støtte og nødvendig helsehjelp, er ikkje i normal drift. Målgruppa er svært sårbar og situasjonen er bekymringsfull.
Send ein kortfatta søknad til Fylkesmannen i Vestland, fmvlpost@fylkesmannen.no, innan 29. juni 2020, merk søknaden med vår ref. 20/10050.
Tilgjengelege og gode tenestetilbod
Gjennom revidert nasjonalbudsjett er det bevilga 50 millioner kroner i ekstra tilskot til oppfølgingsarbeid for personar med rus- og samtidige psykiske helseproblem, sjå regelverk for tilskotsordninga, som du finn under "Dokument".
Helse- og omsorgsdepartementet har som mål at tilskotet skal bidra til tilgjengelege og gode tenestetilbod så snart som råd, og at tiltak er på plass innan avvikling av sommarferien. Helsedirektoratet publiserte tilskotet seint fredag 19. juni 2020.
Om søknaden
Informasjon om utfordringsbilete og tiltak, venta tal på brukarar, brukarmedverknad og budsjett skal gå fram av søknaden, sjå punkt 3 i regelverket for tilskotsordninga.
De må òg oppgje namn på kontaktperson, organisasjonsnummer og kontonummer tilskotet skal utbetalast til.
Det er ikkje utarbeidd søknadsskjema.
Tildelingskriterium
Informasjon om tildelingskriterium går fram av regelverket punkt 4.
Det blir gitt tilskot til konkrete tiltak som raskt kjem brukarane til gode. Eit av tildelingskriteria er at store byar og kommunar med opne russcener vil bli prioritert.
Midlar til fordeling i Vestland
Vi får belastningsfullmakt 2. juli 2020.
Med utgangspunkt i sosialhjelpsnøkkelen reknar vi med å få tildelt om lag 5,17 millionar kroner.
- Søknadsfrist:
- 29. juni 2020 23:59
- Målgruppe:
- Personar med rus- og eventuelt samtidige psykiske helseproblem
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen
- Kven kan søke:
- Kommunar i Vestland