Symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar i grunnskuleopplæringa

Søknadsfrist:
29. november 2019
Målgruppe:
Nykomne minoritetsspråklege barn og unge i grunnskulen og vaksne med rett til grunnskuleopplæring
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland
Kven kan søke:
Kommunar som har elevar i målgruppa
Rapporteringsfrist:
1. desember 2019

Kommunar som ønskjer å drive symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar kan søkje Fylkesmannen om tilskot. Vi betalar ut tilskotet fortløpande så lenge vi har midlar.

Publisert 21.02.2019

Kunnskapsdepartementet har vidareført tilskotsordning med symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar. Kommunen kan søkje om inntil kr. 1 750 for kvar elev. Andre kostnader må kommunen dekke sjølv. Tilskotet skal brukast i budsjettåret 2019.

Mål for ordninga

Målet er å redusere risikoen for ulykker i samband med bading og å setje elevane betre i stand til å nå kompetansemåla i læreplanen. I læreplanane er det eit mål at elevane skal vere symjedyktige etter 4. årstrinn.

Kven kan søkje

Det er berre kommunar som har nykomne minoritetsspråklege elevar som kan søkje om tilskot. Det kan søkjast for barn, unge og vaksne som har rett til grunnskuleopplæring. Dersom kommunen har andre elevar som ikkje kan symje eller har hatt høve til å delta i symjeundervisning, kan også desse ta del i symjeopplæringa. Desse skal ikkje takast med i søknaden.

Følgjande skal leggjast til grunn

Symjeopplæringa kan gjevast i løpet av skuletida eller etter skuletid. Kommunane vel sjølve korleis opplæringa skal organiserast og leggjast opp. Søknader som beskriv eit samarbeid mellom frivillige organisasjonar og korleis dette kan etablerast/vidareførast, vil bli prioritert dersom fleire
står likt. Dersom kommunar ønskjer å samarbeide om å etablere ordningar, kan dette gjerast. Det er viktig at jenter og gutar får eit likeverdig tilbod.

Søknadane blir behandla fortløpande.

Søknadsskjema finn de i høgremenyen.

Rapportering

Tilskotsmottakarane skal innan 1. desember 2019 rapportera til Fylkesmannen om bruk av midlane.

 

Søknadsfrist:
29. november 2019
Målgruppe:
Nykomne minoritetsspråklege barn og unge i grunnskulen og vaksne med rett til grunnskuleopplæring
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland
Kven kan søke:
Kommunar som har elevar i målgruppa
Rapporteringsfrist:
1. desember 2019